31. desember 2009

Leseåret 2009

Eg har også lese Vesaas
2009 har vore eit spissa leseår, på mange måtar. Eg har vore oppteken av å lese norsk samtidslitteratur, eg har lese ein del lyrikk, nokre debutantar, og eg har oppdaga ein ny favoritt: Torgny Lindgren. Eg har også oppdaga at eg liker Karl Ove Knausgård, men meir om det i ein seinare post. Eg har lese veldig få ikkje-norske forfattarar og veldig lite 'lett' litteratur. Kanskje på tide å gjere noko med det.

Her er altså lista over lesne bøker i året som har gått, komplett med lenker til innlegga eg har skrive om dei. Kanskje kjem eg nærare tilbake til favorittane frå 2009 på eit seinare tidspunkt.

60. Karl Ove Knausgård: Ute av verden
59. Rønnaug Kleiva: Ingen reell fare
58. Torgny Lindgren: Ormens väg på Hälleberget
57. Stein Erik Lunde og Øyvind Torseter: Eg kan ikkje sove no
56. Kjersti Rorgemoen: Purkene snudde seg
55. Dag Solstad: Genanse og verdighet
54. Cesilie Holck: Norg
53. Hilde Myklebust og Inger Lise Belsvik: Jon og den lange julenatta
52. Tomas Espedal: Dagbok
51. Dag Solstad: 17. roman
50. Dag Solstad: Ellevte roman, bok atten
49. Vigdis Hjorth: Tredje person entall
48. Maria Parr: Tonje Glimmerdal
47. Olaug Nilssen: Vi har så korte armar
46. Marit Eikemo: Mellom oss sagt
45. Div. art.: Mine stormfulle, stormfulle, stormfulle år. Fritt etter Kate Bush (Flammesingel)
44. Stig Sæterbakken: Ja. Nei. Ja. (Flammesingel)
43. Patricia Wentworth: The Chinese Shawl
42. Monica Isakstuen Stavlund: Avstand2
41. Vigdis Hjorth: Hjulskift
40. Torgny Lindgren: Hakkepølsa
39. Alice Munro: Rømlingen
38. Sigbjørn Skåden: Skomakernes konge
37. Bjørn Aamodt: Anchorage
36. Inger Christensen: Alfabet
35. Torgny Lindgren: Humlehonning
34. Sigrid Undset: Jenny
33. Steffen R. M. Sørum: Du elsker meg
32. Gunnhild Øyehaug: Vente, blinke
31. Jens Bjørneboe: Drømmen og hjulet
30. Pushwagner: Soft City
29. Kristine Tofte: Song for Eirabu. Slaget på Vigrid
28. Marit Tusvik: Sigrid Finne
27. Ingrid Z. Aanestad: Eg kjem med toget
26. Margit Walsø: Kjære Voltaire
25. Alan Bennett: En uvanlig leser
24. Jon Ståle Ritland: Kroppsvisitasjoner
23. Agnes Ravatn: Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå
22. Jon Ståle Ritland: Vannmerker
21. Lars Petter Sveen: Køyre frå Fræna
20. Ragnar Hovland: Sveve over vatna
19. Ragnhild Jølsen: Rikka Gan
18. Geir Gulliksen: Om tyngde og letthet
17. Nils-Øivind Haagensen og Bendik Wold: Brenn ned skiten
16. Øyvind Rimbereid: Solaris korrigert
15. Dorothy L. Sayers: Gaudy Night
14. Patricia Wentworth: Ladies´ Bane
13. Silje E. Fretheim og Steingard Vada: Tilfeldigvis: Arial Footlights forhistorie
12. Janne Marie Fatland: :imitabilis
11. Sylvia Plath: Glassklokken
10. Erlend Loe: Kurtby
9. Ingvill Solberg: Gehør
8. John Keats: Brev til Fanny Brawne
7. Geir Gulliksen: Monografi
6. Marita Fossum: Forestill deg
5. Tarjei Vesaas: Is-slottet
4. Ingvill Solberg: Ly
3. Rune F. Hjemås: Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd
2. Jon Fosse: Andvake
1. Marjane Satrapi: Embroideries

3 kommentarer:

thauke2 sa...

Du er ein god lesar = eg synest du ser mykje som er verdt å sjå ved dei bøkene du omtalar som eg sjølv har lese! Når du i tillegg skriv så godt som du gjer har det ført bloggen din langt opp på mi 'må-lese-liste'!
Godt nyttår!

Aina sa...

Godt å høyre, og eit godt nytt år til deg, òg!

Aina sa...

Ei oppteljing viser elles at eg har lese 30 bøker av kvinnelege forfattarar, 29 bøker av mannlege forfattarar og 1 bok av diverse artistar av begge kjønn. Fullstendig utilsikta tilnærma lik stilling.

Eg har lese 18 bøker på nynorsk, 33 bøker på bokmål (av desse 7 omsette frå andre språk), 1 bok på dansk, 1 bok på svensk, 5 bøker på engelsk, 1 bok på dels bokmål, dels nynorsk og 1 bok på eit heilt eige språk (Rimbereid).

Eg har lese 2 teikna romanar, 34 romanar (eller romanliknande variantar, herunder 1 historisk roman, 2 i fantasysjangeren og 3 krimromanar), 4 kortprosa- og novellesamlingar, 11 diktsamlingar, 2 Flamme-singlar, 3 bøker i sakprosasjangeren og 4 barnebøker.

I tillegg har eg lese mykje research-litteratur som ikkje står på lista.