5. oktober 2009

Hakkepølsa

Pannerynkene kommer av at jeg tenker på sånt som jeg aldri tenkte på før. Å tenke i Avabäck, det var som å løpe på glattisen.
Når jeg er ferdig med å lese for dagen, da går jeg bort til speilet og ser hvordan pannerynkene har lagt på seg.

Ein kan ikkje unngå å forelske seg i ein forfattar som Torgny Lindgren.
Alt han skriv har både eit stort alvor og ein sødmefylt humor i seg. Ein lys melankoli. Tekstar så lette og fine å lese at det er ei nyting. Ikkje for lite sagt og ikkje for mykje. Ikkje banalt og ikkje for tungt. Berre akkurat passe.

Eg såg Lindgren ved to høve i Stavanger for nokre veker sidan. Ein tidleg aldra mann, lang og krokete, med lange bein han tvinna kring kvarandre. Eit klart, humoristisk blikk, ei varm og karismatisk røyst. Og denne lune humoren. Alltid den.

Etter å ha lese Humlehonning, som eg fall pladask for, måtte eg fortsetje med Hakkepølsa. Denne underlege romanen om ein gammal notisskrivar, som diktar opp notisar om stadar og menneske i Norra Västerbotten, som han sender inn til avisa og får på trykk. Og det er både historia som den etter kvart aldrande notisskrivaren skriv og historia om notisskrivaren sjølv, som trass i sine framskridne år ser ut til å berre bli yngre og yngre, som utgjer handlinga i boka.

Det er også ein fin tvist på slutten. Og kven veit? Kanskje dukkar forfattaren sjølv opp ein stad? Her er endå eit utdrag frå boka, som kjennest som veldig typisk for den Lindgrenske skrivemåten:

Men overlegen var ubønnhørlig.
Han pleide for sitt eget vedkommende å anbefale de nyutskrevne en eller annen kunstnerisk levevei, i første rekke maleri eller litteratur. Tuberkolosen med sin lette feber og forhøyede, men samtidig diffuse livsfølelse, sa han, representerer ofte det første, famlende skritt mot en kunstnerisk løpebane.

4 kommentarer:

heklehatt sa...

humlehonning, hakkepølse - rare titler. jeg går inntrykk av at han også er litt poetisk? Ble i hvert fall nysgjerrig på dette!

Aina sa...

Ja, morosame og rare titlar! Dette må du sjekke ut!
Poetisk veit eg ikkje. Men det ligg jo ein poesi i eit godt og finstemt språk, gjer det ikkje?

Ståle sa...

Nå ble jeg nysgjerrig. Har faktisk ikke mer enn såvidt hørt navnet til Lindgren før, men det lille innblikket du ga her ga mersmak.

Aina sa...

Bra, Ståle! Eg kjenner for å rope det frå fjella: LES TORGNY LINDGREN, FOLKENS!