4. oktober 2009

Barndommens ferjereiser



I slutten av oktober 1987 marsjerte det vesle skulekorpset utover brumoloen på Giskesida med elevar og lærarar like bak. Eg var åtte år og hadde nett byrja i andre klasse. Vinden var sur der ute i fjorden, og vi jubla og heldt flagg i hendene som vi vifta med. Ei snor skulle nemleg klippast. Det var ei av dei verkeleg store hendingane i øysamfunnet si historie. Ei hending som skulle markere slutten på éin æra og byrjinga på ein ny. Og som skulle opne samfunnet vårt mot omverda og mot naboane våre i havet.

Fleire av mine sterkaste minne er knytte til barndommens ferjereiser og til den første tida etter at brua kom. Å sitje i sportsvogn medan mamma småspring for å rekke ferja. Lukta av ferje-interiør. Skaimøblementet i nedre salong, eller det solsterke panoramaet frå øvre, ved innsiglinga til Ålesund. Mi barndoms ferje gjekk i rute mellom Godøya, Giske og Ålesund, og berre ein sjeldan gong innom kommunesenteret, Valderøya. Medan det no tek fem minutt å køyre over brua til Valderøya, tok det før ein ferjetur via Ålesund. Det er ikkje rart at vi ikkje hadde så mykje med kvarandre å gjere.

Då fastlandssambandet kom blei nokre eldre menn frå øya intervjua på tv. Alle var ikkje like nøgde med utviklinga. Det ville nok bli frykteleg mykje trafikk, meinte dei. Og mange ville kome og lage bråk. Særleg godøyingane, sjølvsagt, men byingane var heller ikkje til å stole på.
”Dei kjøme hit med fine bynasa´,” sa ein, og meinte byfolket ville reagere på gjødsellukta her ute. Ein annan meinte at det var no greitt at dei kom, så lenge dei reiste igjen etterpå.

Giske har gjennom historia vore ei relativt avsondra øy, med sin særeigne variant av dialekten, med sine store slekter og med sin naturgitte skepsis til dei andre. Godøyingane, til dømes, kom jo berre for å øydelegge. Og folk som meg, som ikkje hadde begge foreldra sine frå øya, var ikkje like bra som anna Giskefolk. Det skjønte eg allereie i første klasse. Medan valderøyingane peika mot Giske og sa: ”Der ute bur det berre raringar”, peika vi mot Godøya og sa det same. Og på fergå sat giskingar og godøyingar ved kvar sine faste bord og menga seg ikkje med kvarandre. Men alt dette endra seg då fastlandssambandet kom.

For her kom altså brua, med dei små handavtrykka våre støypte ned i fundamentet. Ein mild boge over fjorden, som omdirigerte havstraumar, flytta strender og opna verda. Og i tillegg til brua kom det undersjøiske tunnelar. Tunnelar frå Valderøya via Ellingsøya til Ålesund, og ein som gjekk frå Giske til Godøya. Welcome to hell, spraya nokon over opninga på Giskesida. Det står det ikkje no lenger. Eit år etter at brua kom byrja eg på musikkskulen på Valderøya, og då eg var fjorten var det ein staut odelsgut frå Godøya som skulle stele mitt store, bankande hjarte.

Vi har fått tilbake fergå dette siste året. Tunnelar må vedlikehaldast og dei siste tolv månadane før den siste bomkrona er betalt har tunnelane til Ålesund vore stengt mellom 18 og 06 kvar vekedag.

Den første gongen eg tok nyefergå over fjorden måtte eg opp på dekk for å sjå. Øyane låg soldisige mot horisonten, ei enorm skodde seig innover Ålesund og fjorden glitra. Eg var tilbake i barndommen igjen. Eg fekk tilbake barndommens ferjereiser.

Laurdagsspalte i Nationen 03.10.2009.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg likar verkeleg måten du skriv på; lyrisk og skildrande. Nynorsk er eit vakkert språk, og eg angrar veldig på at eg bytta til bokmål etter ungdomsskulen. No strevar eg med å finne tilbake til nynorsken. Det går ikkje så fort å skrive sidan eg må tenke meir over orda, men det kjem vel med tida.

Du fekk meg og tilbake til barndommen; eg hugsar spesielt kor spanande det var å få fare på Tentreff:)

Anita sa...

Nydelig skrevet, dette her!

Aina sa...

Anonym:
Ten-treff? Nei no blei eg nysgjerrig, her! Takk for fin tilbakemelding!

Anita:
Tusen takk, det var fint å høyre!

Ståle sa...

Et vakkert og vart tilbakeblikk på andre tider. Blir rent rørt av hvor godt du fanger stemninger, tider og særtrekk. Godt å være tilbake og lese på Flimre igjen :-)

Aina sa...

Rørt? Det var no meir enn eg hadde venta! Takk, Ståle, og velkomen tilbake.