11. juli 2009

Å lese ein film

Det er to ting som slår meg med Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug.
1. At ho er ein film.
2. At forteljarstemma (eit vi) stadig fortel oss ikkje berre kva vi ser (eller les), men også korleis vi skal reagere og fortolke det vi ser (eller les).

Vente, blinke byrjar med eit klassisk trekk ved filmen, nemleg å introdusere hovudpersonane, i kvar sine meir eller mindre definerande scener som det klippast mellom.
"Her ser vi Sigrid."
"Her ser vi faktisk Kåre Tryvle."
"Her ser vi derimot, i ei for stor lyseblå herreskjorte og med ingenting anna under enn ei truse, filmregissøren Linnea (27) stå, i 12. etasje i eit hotell i København, klokka ni om morgonen."


I heile sitt visuelle, skildrande og forteljande språk minner teksten om ein skriven film. Men ikkje som eit filmmanus, sjølv om det også kjem ein liten tekstbit i manusstil, med replikkar. Eit døme på den filmatiske måten romanen er skriven på, er til dømes dette utdraget frå historia til Viggo:

"Han må reise seg, sleppe ut armane og stå med dei litt ut, og perspektivet kan rotere rundt og rundt han, oppover i lufta, slik at ein får kjensla av at han er eit lite menneske på jordoverflata med utstrekte armar som på ein måte omfamnar alt: jorda, og hans eigen skjebne, som ein lesar, som ein drøymar, som ein tenkar, og ikkje som ein festar, og vi får, på grunn av det roterande perspektivet oppover og oppover frå ein liten mann i ein bedehuskjellar med utstrekte armar, denne rare kjensla av sentrifugalkrafta: total omfamning og utviding, og ekstrem konsentrasjon, rundt eit punkt. Som er Viggo. Og i Viggo: Viggos hjarte. Men det roterande perspektivet når ikkje lenger opp enn til bedehustaket, før det må gi opp med eit dunk. Og då Viggo slepper armane ned att, kjenner han seg framleis like skjelven."
(s. 107-108)

Her ser vi også døme på korleis forteljarstemma fortel og fortolkar, i setninga "og vi får, på grunn av det roterande perspektivet oppover og oppover frå ein liten mann i ein bedehuskjellar med utstrekte armar, denne rare kjensla av sentrifugalkrafta".
Vi - forteljarane, og vi - lesarane.

Det undrar meg at ingen av kritikkane eg har lese har peika på dette svært openberre trekket ved boka. At ho er ein film. Øyehaug bruker også filmen som ein raud tråd gjennom historiene. Studenten Sigrid skriv om filmtemaet "kvinner i for store herreskjorter", mellom anna basert på Lost In Translation, filmregissøren Linnea, i for stor herreskjorte, er i København for å lage film, Wanda og Kåre har Kill Bill 2 som referanse for og i sitt nyleg avslutta forhold, mv.

Kritikarane har fokusert meir på at det er ei utprega litterær bok. Litteraturstudenten Sigrid, som har bilete av litteraturteoretikaren Paul de Man på veggen, forfattaren Kåre Tryvle, Sigrid, Elida og Viggo som alle les Dantes guddommelege komedie, og så bortetter.

Og eg må vel seie noko om handlinga, òg. Kort fortalt møter vi i hovudsak åtte personar som på kvar sine måtar strir med kjærleik og nære band, kven dei er og kven dei vil vere, kva dei skal velje. Det er historier som flokar seg inn i kvarandre, som kommenterer kvarandre. Vi har ein allvitande forteljar (eller to) og som lesarar får vi vite ikkje berre kva alle karakterane gjer, sett gjennom ein eller to karakterar sine auge, men kva alle gjer og kva alle tenker.

Stilen er på eit vis litt merkeleg. Det er mykje bruk av kolon og "telling", som i desse "Her ser vi"-setningane som ofte kjem. Forteljarane refererer samvitsfullt kva alle tenker, uansett kor dumt dette måtte vere, men har ein ironisk distanse til det heile og kan gjerne kommentere det om det er dumt. Her er det ingen ektefølte, vakre og poetiske skildringar som får stå åleine, ukommenterte, uironiserte over. Det er mykje humor her, og eg lo fleire gongar.

Eg las denne boka på to dagar. Eg blei hekta. Det er noko her som driv meg som lesar framover, helst ville eg lese heile tida, sjølv om eg av og til blei lei (slik eg blir av å lese det aller meste, etter å ha halde på ei stund). Eg kunne skrive mykje meir om denne boka. Eg veit ikkje heilt kva ho er, kva ho skal vere eller prøver å vere. Men eg likte henne.

9 kommentarer:

Lille søster sa...

Godt lest, det med at boka er som en film! Selv orket jeg ikke lese boka ferdig. Men jeg klarte ikke bli enig med meg selv om den var god eller ikke.

Aina sa...

Kor langt kom du, då? Eg kan forstå at ho ikkje funkar for alle, for ho er igrunnen ganske spesiell. Slik sett er det overraskande at ho blei så populær.

skafottet sa...

Dette er tredje gang jeg prøver i dag ... grrr.

Men, altså: Herrrrlig å endelig se at noen hadde samme opplevelser som meg av boken. Jeg må innrømme at jeg irriterte meg grundig over skjorte-greiene. Det henger ikke helt sammen med Kill Bill-ligningen. Men pytt.
Jeg klarte ikke å bestemme meg for om jeg likte eller ikke. Jeg likte i grunnen grepet «Dette er ... » - det er nesten ingen som gjør det lenger. Og som regel blir det sablet ned av kritikerne. Øyehaug lykkes. Og så er språket sabla bra. Og når språket er det, er jeg solgt.
Jeg kunne sagt mye mer, men stopper her. Faktum er at boken fortsatt gnager litt i meg. Og da har den virkelig truffet, for det er ekstremt sjelden.
Dessuten: Genial tittel!

Mettemor sa...

Denne boka diskuterte vi i lesesirkelen min. Ein av deltakerne var svær klar på at denne boka var laga akkurat som ein film. Vi diskuterte om vi likte den tydelege forteljaren òg, og der var meiningane ulike. Vente, blinke har ein utradisjonell form som eg likte. Minte meg litt om Få meg på, for faen av Olaug Nilsen.

Groskro sa...

Hei, via Mettemor er jeg ofte innom bloggen din, og nå måtte jeg legge inn en kommentar. Jeg leste denne boken i januar, og følte også at jeg leste en film. Og jeg likte boken veldig godt.

Aina sa...

skafottet:
Korfor irriterte du deg over herreskjortene? Er det ikkje ein styrke at ikkje alt tilhøyrer same likning, på sett og vis?

Mettemor:
Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen blir jo ofte omtala som "tuppen og lillemor", så at det dei skriv liknar, overraskar jo ikkje. Eg har enno ikkje lese noko av Nilssen, men har "Vi har så korte armar" i hylla. Kanskje eg skal lese den snart?!

Groskro:
Hyggeleg at du er innom og at du kommenterer! Og kjekt at fleire enn eg har sett dette filmatiske.

Lille søster sa...

Ja, du må lese Vi har så korte armar! Det er lenge siden jeg leste den (da den kom ut), men jeg likte den veldig godt.

Mettemor sa...

Har Nilsen gitt ut ei bok som heiter Vi har så korte armar, òg? Det hadde eg ikkje fått med meg. Eg las Innestengt i udyr years ago. Lurer på om det var debuten hennar?

Lille søster sa...

Det var debuten, ja. Men jeg har ikke lest den. Tror hun bare var 20 år da boka kom.