13. november 2009

Gjensyn med Bjørn Hansen


Dag Solstad har skrive sytten romanar. Dette markerast ved at han gir ut den syttande romanen under tittelen 17. roman. Dette gjer han ikkje fordi han ikkje klarer å finne på ein annan tittel. Faktisk hadde han ein jævla god tittel på romanen, problemet var berre at denne jævla gode tittelen (unnskyld språket, men slik sa han det) lyssette romanen på ein spesiell måte, og det ville ikkje Solstad ha noko av. Nei, romanen skulle ikkje ha ein tittel som sette noko som helst lys på nokon som helst måte. Men om han skulle vere ærleg, og det skulle han jo, kunne alle hans romanar ha heitt Genanse og verdighet, ein jævla god tittel, eller Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige, som også er ein jævla god tittel, og som passar like godt på alt han har skrive. Dessverre kan ein berre bruke tittelen ein gong.

Korleis eg veit dette? Jau, eg var ei av dei mange i Wergelandssalen på Litteraturhuset i går kveld, som hadde sikra seg billett for å høyre Aslak Sira Myhre intervjue nettopp Dag Solstad om denne sin 17. roman. På førehand hadde eg lese den førnemnte romanen, men ikkje berre den, eg hadde også lese Ellevte roman, bok atten, som kom i 1992, og som omhandlar den same hovudpersonen, den fhv. kemneren i Kongsberg ved namn Bjørn Hansen.

I Ellevte roman, bok atten tek Bjørn Hansen eit skjebnesvangert val. Han utfører sin heilage plan, si store bedrift, som nok framstår uforståeleg for lesaren, men som Bjørn Hansen ser på som det største han har gjennomført i sitt liv. Dessverre skil denne bedrifta han ubønhøyrleg frå andre menneske, inkludert sin eigen son, og svindelen (som denne bedrifta er), blir uunngåeleg avslørt. I 17. roman møter vi ein avslørt Bjørn Hansen, som lever det Solstad i går kalla eit "uliv". Hansen forstår ikkje lenger korfor han gjorde som han gjorde i Ellevte roman, bok atten, han hugsar berre naudsyntheita av det, gleda ved å gjennomføre det. No lever han eit liv åtskilt frå alle som bryr seg om han, og finn ein dag, nesten 20 år seinare, ut at han igjen skal ta kontakt med sin son Peter og den vesle sonesonen Wiggo. Og så gjer han det. Men finst det høve til forsoning?

Dette er ikkje, for meg, dei beste bøkene Solstad har skrive. Eg forstår ikkje Bjørn Hansen, og har vanskeleg med å godta at det ikkje blir forklart korfor han handlar som han gjer og er som han er.
- Dette er noko kanskje berre eg forstår, seier Solstad, og antydar at Bjørn Hansen og han sjølv kanskje har nokre samanfallande eigenskapar og idear som kan verke ugjennomtrengelege for andre. Som å ikkje våge opne eit brev frå sin eigen son, men ha det liggande, uopna, i årevis.

Det er likevel bøker det er meir verd å lese enn det meste anna av norsk samtidslitteratur. Det er, som alltid, noko der. Noko ugjennomtrengeleg, som fascinerer meg, som rører ved eit eller anna i meg. Eg føler meg høgt oppe på ei Solstad-bølgje. Det einaste eg vil er å lese Genanse og verdighet, og deretter å lese (omigjen) alle andre bøkene han har skrive.

Ingen kommentarer: