13. november 2009

Fire-fem sprett og i lufta

Plutseleg ein dag kom høgdeskrekken. Etter å ha vore ei regelrett klatremus i yngre år, kunne eg brått ikkje bevege meg meir enn to meter over bakken utan å få skjelven. Likevel finn eg meg sjølv i eit ørlite sjøfly, taksande ut av småbåthamna på Giske ein vakker haustdag i oktober. Korleis har dette gått til?

Første gongen eg merka det var i Eiffeltårnet. Då vi gjekk oppover trappene til restaurantnivået byrja eg å skjelve i knea. Ein kunne nemleg sjå ned mellom trappetrinna, på dei som kom under, og på bakken under dei igjen, som blei stadig fjernare. Då vi kom opp måtte eg legge inn årene. Ikkje tale om at eg tok heisa heilt opp i toppen, uansett kor flott utsikt det var der.

Men trass i denne skrekken for å dette ned frå store høgder sit eg no i eit lite sjøfly med lauvtynne, samanleggberre venger, iført redningsvest og høyretelefonar, og høyrer bror min rope opp flytårnet på Vigra for å få tillating til å lette. Tårnet svarer positivt, standardfrasar blir utveksla og bror min set opp farta. Når vi lettar kan det humpe litt, seier han og etter ei fire-fem sprett på sjøen er vi i lufta.
Det er ein fantastisk dag. Dei blå sunnmørsalpane har kvite toppar, fjorden glitrar og fjella er rustraude med okergule trekroner. Vi flyg innover i 120 km i timen. Av og til kan det humpe litt når luftstraumar møtast, seier bror min. Eg tenker at det fine med sjøfly er at ein kan lande kor som helst, at ein ikkje er avhengig av rullebane.

Då eg kom tilbake frå Paris dukka det opp stadig nye problem. I symjehallen var det òg hindringar. Å gå opp den glatte trappa til sklia blei plent umuleg. Knea skalv og det blei med den eine rutsjeturen. Også trappa til universitetsbiblioteket var ei utfordring, og det blei ofte til at eg skamfull tok heisa i staden. Kor kom denne skrekken frå?

Bror min kontaktar tårnet igjen. Lima - November – Yankee – Yankee – Mike, seier han og tårnet svarer med godt humør. Eg fangar opp uttrykk som ”four thousand five hundred and below”, og ”appropaching Valle, requesting permission to proceed towards Ålesund via Storfjorden”. Det humpar litt når vi flyg forbi utløpet til Hjørundfjorden, men eg er ikkje redd, eg veit det berre er suget frå fjordgapet som gjer lufta uroleg.

Korfor er eg ikkje redd? Her flyg vi tusen meter over bakken og eg er ikkje redd for å dette ned. Ikkje berre stoler eg på bror min som fører flyet, men eg stoler på at denne vesle, skrøpelege maskina skal halde seg i lufta og at ein redningsvest skal redde meg frå døden viss vi styrtar. Faktisk er eg ikkje redd vi skal styrte, eingong. Eg er langt reddare for å skade meg når eg vaglar meg til på gardintrappa heime for å skifte lyspære i gangen.
Turen varer i ein og ein halv time. Vi har spart det beste til sist. Etter å ha teke føre oss Ålesundsområdet styrer vi utover, vi tek ein runde over Giske og ler litt av dei plutselege granrekkene som rammar inn nabohusa, det slår meg kor god plass det er her ute. Over Lestaskjeret ristar det litt igjen, men eg er enno ikkje redd. Etter ein sveip over Godøyfjellet, med det store, djupe Alnesvatnet, kvitebårene mot Alnessanden og til slutt ein runde over Valderøya og Vigra, der eit stort fly ventar på å lette, landar vi langsmed Giskestranda. Vi glir forbi nokre måsar som duppar på vasskorpa og taksar inn til småbåthamna igjen.

Mot låveveggen står stillaset far min har brukt når han har mala. Eg ser på det og veit med sikkerheit at opp der vil eg aldri, aldri klatre.


Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 6. november 2009

2 kommentarer:

Ottar Grimstad sa...

Du skriv så levande og godt! Tok du ikkje ein korn titt bort til Hareid også?

Aina sa...

Nei, det blei ikkje noko sveip over Hareid denne gongen. Men eg vonar det blir fleire turar, og då må vi jo fare sørover!