21. november 2009

Maria Parr, folkens!

Foto: Audun Heskestad/ Samlaget
Alle avisene skriv no om at Karl Ove Knausgård fekk Brageprisen for den første boka i sin sekstett (heiter det det? Kva heiter det når det er seks bøker? Sexologi?) og nemner kanskje at Kjetil Østlie også fekk pris i kategorien sakprosa. Men den viktigaste for meg er Maria Parr som fekk prisen for den fine, fine barneboka Tonje Glimmerdal, som eg elskar og vil råde alle til å lese - små barn, som vaksne barn.

Det irriterer meg, som vanleg, at media er så innskrenka at dei berre fokuserer på det som har anteke interesse for vaksne lesarar/ lyttarar når dei fortel om pristildelingar/ melder bøker/ kjem med forfattarintervju. Dei gløymer at veldig mange vaksne lesarar har barn i sin nære omkrins som dei burde gi god litteratur til. Det er eit merkeleg fenomen, og det er latterleg kor stor innflyting media har på kven som blir lesne i dette landet. No har endåtil gamle tante Ruth høyrt om Karl Ove Knausgård og hans prosjekt, og eg seier ikkje at det er dumt i seg sjølv, men det seier veldig mykje om det massive fokuset som har vore han til del på kostnad av alle dei andre gode bøkene som er komne denne hausten. Det verkar som at media berre klarer å ha ein tanke i hovudet i gongen.

Alt dette Knausgård-fokuset har for min del ført til at eg er lei før eg har lese noko av han. Og det er jo synd, og ikkje Knausgård sin feil, sjølvsagt. Han har jo berre byrja på eit halsbrekkande og kritikarrost prosjekt.

Men tilbake til Maria Parr. Ho var faktisk nominert til prisen for andre gong i år, ho var også nominert då ho debuterte med barneboka Vaffelhjarte, som ligg på salongbordet mitt i denne stund. Ho er ein flott forfattar og eit flott menneske, og eg håper verkeleg ho fortset å skrive fine, gode bøker for barn i alle aldrar (og gjerne vaksne, òg, om ho har lyst til det), så langt i tradisjonen etter Astrid Lindgren.

Kjøp og legg på nattbordet og under juletreet, folkens! Merk dykk dette namnet: Maria Parr!

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Boka ble lånt inn på fredag. Leste de første linjene og likte dem veldig godt. Har ikke lest den første boka hennes.
Og enig med deg angående den sedvanlige fokuseringen på voksenbøkene etter en prisutdeling.

Aina sa...

Så bra! Håper du får ei like god leseoppleving som eg hadde!

Silje sa...

Det er notert! Jeg planlegger å kjøpe Tonje Glimmerdal i julegave til niesa mi, og kanskje smuglese selv på forhånd ...

Aina sa...

Silje:
Det synest eg absolutt du skal. Begge delar!