2. desember 2009

Genanse og verdighet


- ein tittel som like gjerne kunne tilhøyrt ei bok skriven av Jane Austen. Stolthet og fordom, Fornuft og følelse, Genanse og verdighet.

Men det er ikkje ei bok skriven av Jane Austen. Dette er ei langt nyare bok, 15 i staden for 150 år gammal, og skriven frå eit noko meir maskulint perspektiv og med eit noko anna føremål, må ein vel kunne seie, av vår eigne Dag Solstad.

Eg har høyrt Solstad seie at Genanse og verdighet er ein skikkeleg bra tittel og ikkje berre det, men ein tittel som på sett og vis kunne stått på alle bøkene han har skrive. Dette er jo interessant. Men kva handlar Genanse og verdighet om? Med det openberre unnataket av sjenanse - i sine ymse former og uttrykk og verdigheit, likeså, som noko gjennomgripande. Jau, på det ytre handlingsplan møter vi den smått alkoholiserte lektoren Elias Rukla, som etter å ha undervist sine stadig meir uinteresserte avgangselevar ved Fagerborg videregående skole dei siste tjue åra, plutseleg får ein melt down, som vi ville kalla det i vårt moderne språk, midt i skulegarden. Paraplyen hans vil ikkje opne seg, og det raknar for Rukla. Midt i skulegarden står han, og denger paraplyen sønder og saman, medan dei vantru elevane stimlar saman rundt han. Der kom det, det endelege fallet. Han går, og veit at hit kan han aldri vende tilbake.

Men kva er det som har ført han fram mot denne episoden, kven er denne Elias Rukla og kva slags bestanddelar fyller hans liv?

Genanse og verdighet blei kåra til 1990-talets beste roman og blir av mange halden fram som ein av dei beste han har skrive. I det kan eg vere tilbøyeleg til å vere einig, men han har jo skrive så mange gode, så igrunnen er ikkje denne noko betre eller dårlegare enn svært mange av dei andre.

Les alle han har skrive, du. Så er du sikker. Sjølv har eg no lese dei ti nyaste romanane hans (frå Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (1982) til den nyaste, 17. roman (2009), med eit lite unnatak av Medaljens forside (1990), ein roman om Aker, men eg har han i hylla), så det som gjenstår er dei tidlege. Eg har lese delar av debutboka Spiraler (noveller 1965), men har ikkje lese verken Svingstol (noveller 1966), Irr! Grønt! (hans første roman frå 1969), 25. septemberplassen eller krigstrilogien Svik. Førkrigsår, Krig. 1940 og Brød og våpen. Så eg har endå noko å gle meg over. Og det gjer eg.

2 kommentarer:

thauke2 sa...

Ja, S skriv godt, men best når han ikkje treng å målbere noe, og det følte han jo i stor grad at han måtte tidlegare (m-l rørsla sitt prosjekt), men ganske klårt ikkje i seinare tid - omtrent frå der du starta!

Aina sa...

Eg trur litteraturen har det best når han ikkje treng målbere noko spesifikt. Kanskje er det gjennom det han faktisk kan målbere noko. Eg kjenner meg skeptisk til politisk litteratur, det er kanskje difor eg ikkje har teke fatt på Solstad sine første romanar enno. Med unnatak av Arild Asnes, 1970, som er ein av mine favorittar. Men det er på grunn av Arild Asnes.