3. desember 2009

Kjersti og Karl Ove

Ei lita oppdatering:
Eg er hekta på Karl Ove Knausgårds debutroman Ute av verden. Det tok tre setningar. Eg er faktisk overraska, har alltid trudd han måtte vere opphaussa. Beklagelegvis går dette ein smule på kostnad av den tynne boka eg har med, som så langt har imponert med følgjande gode observasjon:

Lenge hadde eg gått og grøssa over tanken på at kvart menneske (rettmessig) har ei oppleving av å vere ein hovudperson, protagonisten i sitt eige liv, og at det dermed kunne seiast å trø bortimot sju milliardar hovudpersonar rundt om på kloten. 

Frå Purkene snudde seg av Kjersti Rorgemoen.

- Ja, er ikkje det til å grøsse over, så veit ikkje eg. Alle desse bipersonane vi meiner å omgi oss med veit jo ikkje sjølv at dei er bipersonar, dei trur dei er hovudpersonar, dei òg. Eit salig kaos. Ikkje rart det er krig i verda.

3 kommentarer:

Geir Isaxen sa...

Assosiasjon: Var det ikke David Copperfield som ønsket å være hovedperson i sitt eget liv?
(Er enig med deg om Knausgård. Han er visst ikke til å komme utenom for tiden...)

Bharfot sa...

Jeg er hekta på Min kamp. Ferdig med bind 1 idag, venter utålmodig på bind 2 fra biblioteket. De andre har jeg lest og likt da de kom. KOK ruler!

Aina sa...

Ja, faktisk RULER KOK. Eg les femti sider i Ute av verden på eit blunk, er (blir?) ikkje metta, gler meg til å sjå/ høyre han på Litteraturhuset i morgon. Kva er han slags fyr?