Viser innlegg med etiketten Kjersti Rorgemoen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjersti Rorgemoen. Vis alle innlegg

11. desember 2009

Det var berre ei purke som snudde seg

Dette biletet har eg stole frå abcnyheter.no
Ein av haustens debutantar, som eg har merka meg at har fått mykje ros, er Kjersti Rorgemoen, som har skrive boka Purkene snudde seg i den noko uvanlege sjangeren "notat". Boka er ei samling episodiske tekstar som hovudpersonen Magna Bekk (42) har nedteikna etter at ho fann ei ubrukt, skinninnbunden notatbok i ei kiste. Boka er tynn, har eit gjennomarbeidd og relativt komplekst språk og ein til ei kvar tid underliggande humor:

så no når eg likevel sto her og venta, skjerpa eg fokuset mot dei kommunalt utplanta vekstane som omgav oss. Ein klatrande hekk slyngde seg på livssterkt vis oppigjennom eit nettinggjerde. Nokre unge rododendronar sto i full blom i vulgære rosafargar. Eit lommetørkletre hadde blomstra ferdig, og bakken under var overstrødd av kvite og rotningsbrune filleaktige blomar. Lommetørkletre, tenkte eg, kva for ein sorginteressert person er det som har framassosisert og pressa dette namnet på deg? Her og der sto det løvetenner og såg ordinære ut. Ja vel, de finst, de òg, tenkte eg og merka korleis kreftene eg hadde mobilisert for å sjå plantene, gjekk over i keisemd. 

3. desember 2009

Kjersti og Karl Ove

Ei lita oppdatering:
Eg er hekta på Karl Ove Knausgårds debutroman Ute av verden. Det tok tre setningar. Eg er faktisk overraska, har alltid trudd han måtte vere opphaussa. Beklagelegvis går dette ein smule på kostnad av den tynne boka eg har med, som så langt har imponert med følgjande gode observasjon:

Lenge hadde eg gått og grøssa over tanken på at kvart menneske (rettmessig) har ei oppleving av å vere ein hovudperson, protagonisten i sitt eige liv, og at det dermed kunne seiast å trø bortimot sju milliardar hovudpersonar rundt om på kloten. 

Frå Purkene snudde seg av Kjersti Rorgemoen.

- Ja, er ikkje det til å grøsse over, så veit ikkje eg. Alle desse bipersonane vi meiner å omgi oss med veit jo ikkje sjølv at dei er bipersonar, dei trur dei er hovudpersonar, dei òg. Eit salig kaos. Ikkje rart det er krig i verda.