26. august 2009

Skuovvadeddjiid gonagas

Eg har lese debutboka til den samiske poeten Sigbjørn Skåden, Skuovvadeddjiid gonagas eller Skomakernes konge, som ho heiter i norsk omsetjing. Diktsamlinga blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris då ho kom i 2004.

Boka er skriven i ei episk-lyrisk form, opphavleg på den nordsamiske dialekta markesamisk. Stilen skil seg frå den dei fleste lyrikkdebutantar ville skrive på 2000-talet. Det er noko gammalmodig over det, det minner meg om verk frå nærare hundre år tilbake. Det er også noko eksotisk i det, både i språk, referansar og stemningar.

Vi møter den unge, samiske mannen Jusup i Ofoten ein gong i mellomkrigstida. Jusup lengtar sørover, og reiser. Han finn kjærleiken, men ikkje roa. Han lengtar nordover og vender tilbake, både som flyktning og heimvendt son. Temaet er myten om den evige jøde, og samlinga er tett av referansar, ofte bibelske, som eg ikkje alltid tek.

Her er eit utdrag frå boka:

Oui c’est moi mes enfants
to tusen år
død og oppstanden
kjenner dere
markabarn
skomakernes konge?
jeg tviler
mitt hjerte er fremmed
og videre vandrer ordet


Og HER er ei veldig fin melding frå Dagsavisen.

3 kommentarer:

Monica sa...

Oj, overraskende og rart - på en bra måte. Han her skal jeg sjekke ut.

heklehatt sa...

Å, så spennende at du har kommet over denne. Jeg kjente ham såvidt da jeg bodde i tromsø i 2001. Han fortalte at han skrev, og jeg også, og han spurte om vi skulle utveksle litt tekster. jeg var feig og turte ikke. det angrer jeg på nå, selvsagt. Må skaffe meg denne boka!

Aina sa...

Monica:
Ja, gjer det!

Heklehatt:
Så gøy at du kjente han før! Eg trefte han i Lillehammer, og vi har bytta bøker. Det er ei veldig bra greie, altså!