23. august 2009

Sommaren tynnast

Sommaren er sårbar, han tynnast, i solveggen på hytta trugar eit kaldt drag i vinden. 

Vi går til sjøen. Havet er endelaust. Lise set opp ein oransj drage. Han flyt høgt der oppe, høgare. Ho slepper ut meir line. Eg kjem bort til henne og ser opp på han. Det gjer vondt i nakken. Eg blir nervøs når eg tek over lina, som om noko gale vil skje om han styrtar. Han styrtar ikkje. Seinare forsvinn han likevel, nokon andre slepper, vi ser han over skogen, det er eit tre som flyg han no. 

Når natta kjem er ho stor og svart. Det suser høgt i trea, eg høyrer nesten ikkje kva Martha seier. Vi tek på to ullpledd, sit ute så lenge vi klarer. Skogen er ein mørk vegg rundt oss. Eg ser ikkje kva som er bak. Vi er innkapsla av natt og mørker, sit i ein ring av lys, kva som ligg utanfor er det ingen som veit. 

Over oss er himmelen overdryst av stjerner. Eg har aldri sett så mange før. Eg skrur av hyttelysa og vi lener hovuda bakover på stolane. Rett over oss ligg ei stjernetåke. Lysprikkane forsvinn oppover og oppover, innover og innover i mørkret. Eg er ingenting. Berre ei, dei er så mange. 

6 kommentarer:

Hilde sa...

Nydeleg haustportrett!

Tehme Melck sa...

-Nydelig- var også min umiddelbare reaksjon. Akkurat slik er det nå. Kveldsmørket i august er så svart, dagene så unaturlig varme. Sensommerens skjønnhet og melankoli.

heklehatt sa...

det er nesten den fineste årstiden nå, er det ikke? blaff av sommer , drag av høst. luften så klar og ren.

Aina sa...

Det er noko nytt som tek over for noko som har vore. Siste rest av sødme av varme. Nye årstider med eigne kvalitetar. Og kanskje ein ny sommar ein gong.

Eg blir alltid melankolsk når sommaren er over, eg blir redd for å ha tapt han for alltid. Så eg prøver å nyte dei siste draga av han, samtidig som eg sørger over bortgangen hans.

På same tid gler eg meg til hausten og vinteren. Det er noko reint over dei. No skal verda vaskast.

aapedersen sa...

Så nydelig skrevet.

Anita

Aina sa...

Takk, Anita. Hyggeleg at du synest det.