![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiKu4nwSKgQCyaLDJRjKi1ZjSxIjsnscvJaa4JvqT_jXem-rS4AYdAXd1YJLb_kQYr3e2EdjCw3GsLwXDoREpCHOoV7Ne1YeLRJI8b4USo8iaqKQaxt2xgqSjqxa1anbQlk3TJv/s200/voltaire.jpg)
Kjære Voltaire er ein biografisk roman frå første halvdel av 1700-talet og handlar om den sterke adels- og vitskapskvinna Émilie du Châtelet, som var den kjente forfattaren og dramatikaren Voltaires elskarinne og nære venn gjennom tjue år. Dei to møtte kvarandre i Paris i 1733, og innleidde det som dei første åra var eit heftig kjærleiksforhold, og seinare gjekk over til å bli ein sterk og inderleg vennskap. Émilie var gift, men forholdet til Voltaire var akseptert både av ektemannen og av krinsen dei bevegde seg i.
Dette verkar å vere solid historisk arbeid, eit interessant innblikk i fleire sider ved overklasselivet i Frankrike for 250 år sidan og ikkje minst ein roman om ei spesiell og imponerande kvinne, viss omsetjing av Newtons Philosophiae Naturalis Principia Mathematica framleis brukast den dag i dag.
Delar av boka er skriven i ein ganske nøktern og refererande stil, og Newtons teoriar blir grundig presenterte. Eg levde meg mest inn i særleg andre og tredje del av boka, der det er meir fokus på Émilie som privatperson. Men det er også interessant å lære om Émilie som vitskapskvinne, med ein stor og brennande lidenskap for matematikken, vitskapen og opplysninga.
HER er ei god og grundig melding av boka, frå NRK.
5 kommentarer:
Er det ikke uvanlig at Gyldendal gir ut en bok på nynorsk ?
Eigentleg ikkje. Alle forlag gir ut både på bokmål og nynorsk, så vidt eg veit.
Ja, med unntak av Samlaget, sjølvsagt, som berre gir ut skjønnlitteratur på nynorsk.
Spennende. Er boka delvis skrevet som en fortelling eller?
Det er ein roman, ja, så det er jo fiksjon. Men romanen er basert på ei rekke historiske kjelder, forstår eg, så har vel forfattaren dikta til kjensler og tankar og hendingar og slikt utifrå dei.
Legg inn en kommentar