15. juni 2009

Det er juni, eg tenker på ferie

Låvebakken på Giske (eige foto)
I dag er det ganske nøyaktig ei og ei halv veke til eg går ut i ferie.
Eg har ingen ekstravagante planar desse sommarvekene. Skal ikkje verken på verdsomsigling eller storbyferie. Storbyferiane sparer eg til haust og vår, mellom anna blir det to turar til Roma i løpet av første halvår av 2010. Ein skrivetur og ein kosetur. Og kanskje blir det ein tur ein stad i løpet av hausten, òg?

Men i denne omgangen er det Noreg som gjeld. Dei Nynorske Festspela på Ivar Aasen-tunet, der eg skal sjå og høyre Jon Fosse for første gong.

Og Giske.
Sykkelturar på smale asfaltvegar, å gå fjøra rundt øya, setje svake avtrykk i kvit sand, leite etter krabbar i vasskanten, kjenne lukta av solsteikte naustveggar, varm, gammal tjøre, strandnellikar som vaiar i grastuer på berga, lyden av ei snekke som kakkar utpå, gras som kitlar, rosebuskane mor er så stolt av, ei lita niese å plukke blomar med og flette håret til, spele piano så bestemor høyrer det opp på loftet, ligge ute og lese i sola, sjå tåkelarven bukte seg over fjellet, svalane som har reir innunder låvetaket, opne gluggar, kveldar med vin og samtalar og lyse netter.

Og eg må jo lese.
Denne gongen skal eg ta Song for Eirabu med i kofferten, og finne ei smalare bok som kan bli med i veska på turen. Eg trur det blir Ingrid Z. Aanestad. Eg kjem med toget.

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Nydelig bilde fra Giske!
Du er heldig som skal til Aasen-tunet. Har ennå ikke fått med meg festspillene der, enda mannen min er fra Volda.
Håper du liker Eg kjem med toget.

Monica sa...

Åh, jeg blir med til Giske jeg assa. Nydelig!

Aina sa...

Lille søster:
Du får ta deg ein tur neste år! Eg skal berre høyre Jon Fosse (+ det som måtte dukke opp etterpå), men gler meg til det!

Eg er sikkert på at eg vil like Eg kjem med toget. Byrja å lese boka, men hadde så mange andre prosjekt eg måtte gjere ferdige først, så eg måtte levere henne tilbake. Men no er det tid, det trur eg! Og kanskje noko av Inger Bråtveit med det same?

Monica:
Jaaa! Det er så fint der ute. Nydeleg, og så luktar det så godt (bortsett frå når dei spreier kuskit utover markene....)

Lille søster sa...

Ja, jeg er sikker på at du kommer til å like Inger Bråtveit!

Anonym sa...

hei.

eg er frå Harøya - nærare bestemt bygda på sørsida som heiter Myklebust og som var del av Haram kommune og soleis sunnmørsk til og med 1965.

har vore ein del på Giske - spelt fotball for det meste, men sist sightseeing den flotte kyrkja.

lest boka di og tykkjer den er fin, flott språk.

kjøpt inn boka som klassesett ved fylkesbiblioteket eg jobbar - 30 eks.

interessant med historie - eg sjølv har skrive masteroppgåve innan fagtradisjonen bokhistorie. Interessant! Studerte utlåntprotokollar og bokkatalogar til eit fagforeingsbibliotek i Kristiania 1896-1903. Spanande!

Robert, Førde

Aina sa...

Hei Robert,

så hyggeleg å høyre frå deg! Særleg når du har slike kjekke nyhende om boka mi! Glad du likte henne!

Utlånshistorikk frå så langt tilbake må vere interessant! Har du nokre godbitar å by meg? Kva var mest utlånt, til dømes? Viss det var noko som peikte seg særleg ut?

Kari Folvik sa...

Eg kjem med toget er ei nydeleg bok, av det stillfarande slaget. Ei bok som gjorde at eg fekk lyst til å skrive, sitte og tenke, serleg på vennskap, kor viktig det er.

Aina sa...

Det høyrtest veldig fint ut. Eg gler meg.