16. juni 2009

Slike eg må lese

Inger Christensen
Etter at eg byrja skrive seriøst sjølv, er eg blitt langt meir oppteken av å orientere meg i den norske og skandinaviske samtidslitteraturen. Det er noko med å vite kva som føregår der ute, kva som skrivast og gis ut, kva og kven ein målast mot i det ein sjølv gjer.

Og det er ikkje til å unngå at eg i same slengen har oppdaga mange nye og spennande bøker, og fått mange nye namn på leselista, dei fleste - må eg innrømme - kvinnelege.

Ei av desse forfattarane er Inger Christensen, den nyleg avdøde danske poeten, som med si diktsamling Alfabet ("aprikostræerne findes, aprikostræerne findes") har bergteke meg på slik ein underleg måte.

Andre forfattarar eg vil lese, mykje av same grunn, føler eg - snakkar dei kan hende til meg med same språket? - er

Ingrid Z. Aanestad, med viss bok Eg kjem med toget eg skal reise heim på ferie
Helle Helle, Inger Bråtveit og Sara Stridsberg, som nok også skal lesast i løpet av sommaren.

Men vi har òg desse som taler til meg på eit noko anna språk, nemleg
Tove Jansson, Sofi Oksanen og Juliana Spahr.

Kanskje skriv eg denne posten mest for meg sjølv. Fordi det er viktig å hugse.

Ingen kommentarer: