2. november 2009

Glimrande Glimmerdal!

Maria Parr har hatt stor suksess med sine to barnebøker, Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde og Tonje Glimmerdal. Bøkene er selde til det store utland og den siste, Tonje Glimmerdal, er nominert til både Bokhandlerprisen og Brageprisen. Kva er det eigentleg som gjer desse bøkene så populære? Eg har lese Tonje Glimmerdal for å finne det ut på eiga hand.

Tonje Glimmerdal er den einaste ungen i Glimmerdalen og dalens vesle dunder. Ho har raude løvekrøllar og elskar fart og spenning. Hennar beste venn er den gamle grinebitaren Gunnvald og viss ho tek sykkelhjelmen på hovudet kjem raskt Måse-Geir og set seg oppå. Tonje er ikkje redd for nokon ting, unnateke hundar.

Maria Parr har i intervju sagt at hennar litterære førebilete mellom andre er Astrid Lindgren, og ho blir no sjølv omtala som Noregs svar på nettopp Lindgren. Og det forstår eg godt. Tonje Glimmerdal er ei slags forrykande bygde-Pippi med stort mot og stort hjarte, med både "fart og sjølvtillit", som det heiter i Glimmerdalen. Boka er både morosam, spennande og rørande, og eg kjenner at eg må lese Vaffelhjarte, òg. Eg har rett og slett ikkje fått nok av Maria Parr sitt fine univers rett enno. Eg håper det kjem fleire bøker om Tonje Glimmerdal. Dette er eit godt førebilete for både små jenter og gutar, utan å bli verken kvalmande pedagogisk eller moral-preikande, nedslåande eller kjedeleg. Boka har eit fint, morosamt og spenstig språk og fine teikningar.

Les og gi til ungane dykkar! Tilrådast på det sterkaste.



5 kommentarer:

Synline sa...

Den boka skal jeg gi bort til jul. Det har jeg allerede bestemt meg for. Leste halve Vaffelhjerte for ungene, før storesøster konfiskerte boka for å lese den selv. Gikk for treigt med høytlesning.

Stor underholdning!

Synline sa...

Vaffelhjarte, selvsagt.

Huff, flaut :-(

Aina sa...

Eg skal hoppe over på Vaffelhjarte, no. Herleg.
Og denne boka veit eg iallfall ei lita jente som skal pakke opp på julaftan.

Anonym sa...

Eg er så heldig at eg fekk møte Maria no i oktober. Samlaget introduserte forfattarar på Teaterfabrikken, og Maria las høgt frå Tonje Glimmerdal. Vi fekk endatil "godteposar", og boka var ei av godisane. Hurra!
Eg var snar og fekk Maria til å signere boka til borna mine, som elskar Tonje Glimmerdal:)

Og Aina: dei snakka sjølvsagt varmt om di bok også!!

Aina sa...

Så kjekt då!
Kan tenke meg ungane elskar den boka, ja!