24. juni 2009

Eg kjem med toget

Eg kjem ikkje med toget, eg kjem med fly.

Eg opnar boka allereie på flyplassen. Eg har kjøpt panini og iskaffi, eg legg boka framføre meg på kafébordet, eg legg mobilen på venstre side for å halde boka opa.

Eg les:

Eg kjem med toget. Eli møter meg på stasjonen i den vesle byen, det er fleire år sidan me sist såg kvarandre.

Eg les:

Sjøen går kvit, skummet samlar seg i gulkvite render inne på stranda. Eg går så nær sjøen eg kan utan å bli blaut. Dei største bølgjene slår inn over føtene mine, vaskar over støvlane. Når eg går vekk frå huset har eg vinden i ryggen.

På flyet har eg vindaugsplass, men eg ser ikkje ut. Eg les:

Eli står bak meg, no møter ho blikket mitt, ho møter blikket mitt i spegelen. Ho legg handflata mot panna mi, dreg handa over hovudet mitt, dreg håret mitt hardt bakover. Andletet mitt ser heilt annleis ut slik, under handa hennar.

Når vi går inn for landing har eg lese ut boka. Det er den andre romanen Ingrid Z. Aanestad har skrive. Språket er vart og finstemt, klart og stramt. Det er ikkje unødige ord med, heller ikkje for få, teksten er tydeleg med mykje mellom linjene. Ei spenning dirrar gjennom boka. Kva er det med ho som kjem med toget? Korleis er det mellom henne og Eli? Kva vil skje?

Eg tilrår denne boka.
Eg kjem med toget, Ingrid Z. Aanestad.

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, den er så bra!

Aina sa...

Eg visste eg ville like denne boka. Og no som eg har lese henne kan eg nesten ikkje forstå om nokon ikkje liker henne. Men folk er sjølvsagt forskjellige.

Ingrid sa...

Denne har jeg merket meg tidligere, men nå skal jeg gå til innkjøp av den med en gang. Takk for tipset, Aina!

heklehatt sa...

Ja! Denne har jeg hatt lyst til å lese siden jeg hørte opplesning av den en hyggelig kveld på litteraturhuset...:-)

Aina sa...

Bra, jenter! Les!

rullerusk sa...

Den boka er kjempebra! Jeg liker stilen til Ingrid så godt. Språket hennes er ren kunst. Hvis du/dere ikke har lest den så anbefaler jeg også på det sterkeste å få tak debutboka hennes, "I dag er ein fin dag".

Aina sa...

Eg har ikkje lese den enno, men har henne på leselista.

Lille søster sa...

Jeg likte også godt debutboka, men andreboka har en sterkere spenning i seg. I hvert fall var det slik for meg.