26. juni 2009

Ei nynorsk superstjerne

- Må du sjå sjøen?
- Nei, eg jo ikkje. Ein må finne seg i alt her i livet. Også å ikkje sjå sjøen.

(Unisont latterbrøl frå salen.)

Mann møter myte

Jon Fosse fyller femti år i september, og feirast i både inn- og utland, av forlag og av heimbygd. Sidan debuten i 1983 har Fosse skrive ei rekke bøker innan fleire sjangrar og for både barn og vaksne. Særleg kjent er han kanskje som dramatikar, og stykka hans er sett opp i ei rekke land, det har vore over åtte hundre førestellingar. For meg er det forteljingane som er viktigast, særleg den vakre romanen Morgon og kveld frå 2000.

Vi fekk treffe ein Jon Fosse i storform på Dei Nynorske Festspela i Aasentunet i går. Det finst ei rekke myter om denne mannen. At han er taus og tung, at han ikkje stiller opp på noko, at han er vanskeleg å intervjue. Men i møte med Cecilie N. Seiness, forfattar og journalist i Dag og Tid, og haustaktuell med portrettbok om Fosse, var han overraskande lettliva og morosam. Både han og salen lo godt mange gongar, historier og anekdoter kom på løpande band, og det blei ein riktig interessant og fint møte med Jon Fosse - på fleire måtar.

Etterlikning og dikting

På vidaregåande skreiv Jon Fosse tekstar sterkt inspirerte av Tarjei Vesaas.

- Har du talent kan du etterlikna.

Forskjellen på om ein har talent eller ikkje viser seg, ifølgje Fosse, i om ein lett får til å etterlikne det andre gjer eller ikkje. I tekst fann Fosse eit talent for dette, i musikken - enn kor viktig han var i ungdomsåra - fall det ikkje like lett.

Som alle store diktarar, som er omgrepet Fosse bruker om seg sjølv, har han sine aksiom som han framfører med djup sikkerheit og overtyding. Aksiomet eg merkar meg i denne seansen er følgjande:

- Ein diktar skriv ikkje synopsis. Ein som skriv synopsis har ein ikkje forstand på dikting. Det meiner eg.

Utsegna kjem i den delen av samtalen som går inn på dramatikken og korleis han kom til å byrje skrive for scena. Og eg høyrer kva han seier. Sjølv om eg personleg er av den oppfattinga at det ikkje finst berre éin god måte å vere eller gjere verken det eine eller andre på. Men kanskje vil eg nettopp på grunn av dette tvisynet ikkje nå like langt som Fosse, som etter seiande markerte seg med ei sterk stemme allereie som debutant, då han reiste seg og kom med følgjande utsegn:

- Fløgstad, eg er ikkje einig i litteratursynet ditt.

Fosse skil skarpt mellom seriøs prosa og kommersiell og underhaldande prosa. Implisitt ligg at ein diktar skriv prosa av det seriøse slaget.

Men korfor skriv Fosse? Jau, av nødvendigheit, kjem han til. Men også for gleda av det, på grunn av lykka det gir.

Fosse og Sex Pistols

Ei av mine medpublikummarar sa etterpå at Fosse sa så mange enkle ting som verka så sanne og viktige.

- Han har nok tyngde til at ein tek det han seier alvorleg, sa ho.

Eg grunna litt over denne tyngda. At vekta av det som blir sagt er proporsjonalt med tyngda til mennesket som seier det. Kven skaper vekt, kva skaper tyngde?

Eg blei elles svært imponert over det Cecilie N. Seiness fekk til i samtalen som hadde tittelen Desse auga, desse orda. I tillegg til at det tydeleg er ein nær og god tone mellom henne og Jon Fosse, er ho ein god intervjuar, ho legg opp til dei riktige historiene, ho stiller oppfølgjingsspørsmål på nett rett stad. Hadde det ikkje vore for henne og for den gode og avslappa tonen mellom dei to ville det truleg ikkje vore ei like fin oppleving.

- Kommer til å bli som da Sex Pistols spilte i Oslo. Men jeg var der denne gangen folkens!, twitrar leiaren i Norsk forfattersentrum, Ingvild C. Herzog, etterpå.

Og det kjennest litt slik. Som noko eg er glad eg tilrettela ferien min for å få med meg. Og eg kjenner fortsett lyst til å lese meir av det denne mannen har skrive. Som Naustet, til dømes, romanen som var Jon Fosses gjennombrot som forfattar i Noreg, i 1989. Og som han fekk si første melding i Dagbladet for, noko som var noko på den tida.

- No er det vel nesten for ei skam å rekne å bli meldt der.

(Nok eit unisont latterbrøl frå salen)

2 kommentarer:

Ståle sa...

Deilige ettertanker etter denne kvelden. Jeg føler nesten at jeg var med littegranne selv. Har aldri lest Fosse. Og skal jeg være ærlig, har jeg heller aldri tenkt på å lese han. Men nå har du fått meg på andre tanker...
God sommer. Jeg tar bloggelesepause en stund framover nå. Men er nok tilbake når sommerdårlig vær lokker meg inn igjen.

Aina sa...

Eg vil i så fall råde deg til å byrje med Morgon og kveld. Min personlege favoritt.