24. juni 2009

Sommar

Ein liten sand, han er tørr og mjuk mot fotbladet (eige foto)
Eg hadde eigentleg tenkt å skrive eit lite innlegg om kor kjekt det er med f e r i e , men er blitt åtvara av radioen via Lindkvist mot å røpe slike ting på nettet, så eg ombestemte meg.

Eg skal IKKJE på f e r i e om to timar.
For øvrig er det ingenting av verdi i leilegheita mi. Berre gammalt skrap. Eg har ikkje makka meg til å kjøpe ny datamaskin enno. Og tv-en har skeivt bilete. Og dvd-spelaren kjøpte eg for 400 kr på Rimi i 2004. Eg har også ein stor, sint hund. Og ein stor sint mann. Og ein diger kjøtetande plante like innanfor inngangsdøra. Og veldig mange sikkerheitslåsar og -lenker. Og alarm. Som mannen min plar reagere lynraskt på, OG hunden, dei har mange slags skjulte våpen og lure strategiar. Hunden min er spesielt glad i slike stripete buksebakar som innbrotstjuvar plar ha.

Dessutan skal eg ikkje reise vekk i dag. Eg skal vere heime, ligge og lese bøker på balkongen i oslosommaren medan den store mannen min kokkelerer og vaskar huset og hunden luftar seg sjølv, den smartingen. Han er verkeleg menneskets beste venn.

Så sånn er det med den saka. Så berre ikkje innbill dykk noko.

5 kommentarer:

knirk sa...

Og bjørka står her og je, je går her,
og jorda snurre rundt så saktelig,
og inga klokke kæin bjørka rokke
for hu og je har evig sommarstid.

sier han Alf Prøysen -

God sommer Flimre, jeg følger med på fine bloggen din.

Monica sa...

ha ha, ser dem for meg, begge to: mannen og hunden. for du, du er jo på ferie. eller? nei, seff er du ikke det. du ville i alle fall ikke opplyst om det her. god sommer uansett ;-)

Aina sa...

God sommar, begge to!
Og knirk: takk for fint vers og at du følgjer med og gir meg godord.
Og Monica: du skulle berre visst ;)

Hilde sa...

Eg skal bryte meg inn i leiligheta di og rappe den raude kjolen!
MoahAHAHAHA!

Aina sa...

Nei, då blir du ETEN! Men du skal få låne han! :)