17. august 2009

Alfabet av Inger Christensen

Klikk på dette
Denne diktsamlinga er bygd over to system: Alfabetet og Finbonaccis talrekke (1, 1, 2, 3, 5, 8, 13, 21, 34, 55, 89, 144, 233, osb.).

Samlinga byrjar på eit tilsynelatande enkelt vis, med eit alfabetdikt på kvar side. Og for kvart dikt veks antal stavingar etter eit visst mønster.



abrikostræerne findes, abrikostræerne findes

bregnerne findes; og brombær, brombær
og brom findes; og brinten, brinten


cikaderne findes; cikorie, chrom
og citrontræer findes; cikaderne findes;
cikaderne, ceder, cypres, cerebellum


duerne findes; drømmerne, dukkerne
dræberne findes; duerne, duerne;
dis, dioxin og dagene; dagene
findes; dagene døden; og digtene
findes; digtene, dagene, døden

efteråret findes; eftersmagen og eftertanken
findes; og enrummet findes; englene,

enkerne og elgsdyret findes, enkelthederne
findes, erindringen, erindringens lys;
og efterlyset findes, egetræet og elmetræet
findes, og enebærbusken, ensheden, ensomheden
findes, og edderfuglen og edderkoppen findes,
og eddiken findes, og eftertiden, eftertiden


Etter kvart byrjar Christensen bryte stadig meir med si eiga, strenge form, ho introduserer fleire element i dikta, dei losnar frå det oppramsande og blir meir som "vanlege" dikt, sjølv om juninatten findes, kærligheden findes, mv. fortset å kome gjennom heile samlinga.

Og det er ei nydeleg samling. Men ikkje berre nydeleg, ikkje berre interessant, inspirerande, men også med eit større innhald enn det tilsynelatande.

Når ein les samlinga gjennom - ei samling det er umuleg å lese raskt og slurvete, for kvar einaste setning kan tenkast å skape eit bilete så sterkt at det rommar fleire historier, di eiga, hennar, menneskets, jordas, universets, historias - og deretter byrjar på nytt, ser ein at den tilsynelatande enkle oppramsinga av ord på ein viss forbokstav ikkje berre er ei enkel oppramsing.

Orda har, gjennom lesinga av boka, blitt fylte av innhald, og ved andre gongs gjennomlesing står alt så mykje klarare, så mykje sterkare enn den første gongen.

Eg opplever denne lyrikaren som genial.
Dette er noko av det sterkaste eg har lese, noko av det mest skilsetjande.

HER og HER er to andre dikt frå denne samlinga.

4 kommentarer:

heklehatt sa...

Oi, dette høres utrolig fint ut! har jo hørt om Alfabet før - tror til og med jeg har den(!), men har ikke lest den. Høres ut som noe man bør være relativt våken for å lese..?

Aina sa...

Bør ein ikkje helst vere vaken når ein les? Hehe. Det hjelper nok å vere vaken, lese litt sakte. Men ein kan lese fleire gongar. Eg tilrår uansett ikkje å skumme lyrikk, sjølv om eg innrømmer å ha gjort det, slukt det, til tider. Men det er helst med prosalyrikk.
Det er ikkje vanskeleg, og det er veldig vakkert.

heklehatt sa...

jeg husker i den tiden jeg gikk på videregående, jeg satt foran peisen, ofte, og bladde i diktbøker, og leste, virkelig, og jeg savner det sånn: jeg skjønner ikke hvordan jeg gjorde det. nå føler jeg at jeg leser mye mer på overflaten, kanskje nærmest skumming, som du sier, og det er definitivt ikke det jeg er ute etter. Tror det henger sammen med en slags utålmodighet, alt jeg vil sjekke ut, alt jeg vil lese. Men jeg kommer ikke i dybden. På tide å roe seg ned...

Aina sa...

Så deilig. Eg vil også tilbake til den tida. Eg trur ikkje det berre var alderen, eg trur det var tida. Det var rett og slett ikkje vanleg å sjå så mykje på tv eller å henge med vennar kvar kveld, iallfall ikkje for meg.
Men det er klart, alderen gjer at ein oppslukast på ein annan måte. Oversikta over alt som finst skaper stress. Eg føler det, også når eg les Alfabet. Men eg tvingar meg til å lese skikkeleg likevel. Eg kjem til å lese den boka mange gongar i løpet av livet. Heilt til alle ord og setningar er oppdaga.