27. juli 2009

Menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager

Sigrid Undset ved skrivebordet. Biletet er lånt frå www.maihaugen.no
Det som slår meg når eg les Sigrid Undsets roman, Jenny, nesten hundre år etter at han kom ut, er kor sterkt han taler til meg, i kor sterk grad eg kjenner meg igjen i han, kor lett eg sjølv kan relatere meg til ein samtidsroman frå 1911.

Sigrid Undset har sagt følgjande:

... sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.

Og eg trur det er dette som er grunnen til at hennar historiske romanar kunne lesast like godt i si samtid fleire hundre år etter tida dei skildrar, at dei framleis kan lesast i dag, i si ettertid, og at hennar samtidsromanar står.

Sigrid Undset er mest kjent for den historiske romantrilogien frå 1920-talet om Kristin Lavransdatter. Og det var sjølvsagt med denne eg byrja å lese henne, ein gong i mine spede tenår. Sjølvsagt likte eg på den tida best den første boka i trilogien. Husfrue og Kransen blei ein gong for vaksne for meg. Og sidan har eg aldri freista lese dei på ny.

Første gongen eg las Jenny, det kan vel vere 10-12 år sidan no, hugsar eg at eg var skuffa, sjølv om eg likte boka. For det er ikkje ei søt og blomstrande kjærleikshistorie med lykkeleg slutt. Det er ein djuptgripande roman om kunstnaren Jenny, som er i slutten av tjueåra, om hennar forsøk på å leve sitt eige liv med kunsten, i Roma, om kjønnsroller i kjærleiken, om kvinners kår som menneske og kunstnarar for hundre år sidan i Kristiania og resten av Europa, om vennskap, om familieband, om menneska sine hjarte, om kor store dei kan vere, om kor små.

Det skulle gå ti år før eg las noko av Sigrid Undset igjen. Men eg vakna til liv då eg las Fru Martha Oulie, Undsets debutroman og med handling frå hennar eiga samtid. Og no har eg altså gjenlese Jenny.

Eg er nok aller mest glad i samtidsromanane til Sigrid Undset. Eg liker måten dei tek meg med inn i ei tid som er forbi, men som ei førstehands kjelde, ikkje som påhitt frå ein forfattar fleire hundre år seinare. Hadde der eksistert gode historiske romanar frå 1600- og 1700-talet som var skrivne i si tid, om vanlege folk og viktige samfunnsspørsmål, hadde der vore mindre grunn for slike som meg til å skrive noko historisk frå den tida. Men om vi hadde gjort det likevel? Sikkert. Vi ville jo hatt endå betre kjeldegrunnlag for å gjere det.

12 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg hadde en intens Undsetperiode i 25-årsalderen. Tror jeg leste alle samtidsromanene og novellene hennes. Har selvsagt lest Kristin Lavransdatter, men ikke Olav Audunssønn. Den ble litt tung for meg. Jenny er en sterk bok. Men jeg forsto henne ikke helt, ble irritert på henne.
Sigrid Undset er et forbilde, selv om jeg ikke deler alle meningene hennes.

Aina Basso sa...

Eg trur også eg var irritert på Jenny då eg las boka på slutten av nittitalet. Men no føler eg derimot at eg forstår henne, og kjenner meg igjen i både tankane og vala ho tek. Men eg manglar enno nokre sider mot slutten, så det kan jo hende eg endrar syn etter å ha lese dei.

Lille søster sa...

Jeg leste den også på slutten av nittitallet. Kanskje på tide med en gjenlesning?

Aina Basso sa...

Ja, gjer det! Så kan vi diskutere etterpå.

Unknown sa...

Jeg har prøvd meg på Kristin Lavransdatter etpar ganger, og gitt opp.
Min høyst personlige teori, er at man er enten Hamsun-leser ELLER Undset-leser. Sjelden begge dele.

Aina Basso sa...

Kristin Lavransdatter er éin ting. Fru Marta Oulie og Jenny ein heilt annan.

Eg har lese både Hamsun og Undset, og noko liker eg av begge. Men det er nok Undset som står meg nærast, likevel.

Unknown sa...

En norsklærer ville ha strøket under med rødt ved synet av den setningen du har som overskrift.
Men det spørges om den ville ha vært så hyppig sitert, hvis den var grammatikalsk korrekt.

Aina Basso sa...

Jaha? Korleis ville du ha skrive den, då?

Lille søster sa...

Interessant personlig teori, Dipso. De to sto jo steilt mot hverandre i politikk og menneskesyn i hvert fall. Men jeg vet ikke. Har ikke lest Hamsun etter at jeg fylte 20.

Aina Basso sa...

Cathrine Sandnes (redaktør i Samtiden) meiner Hamsun skreiv ungpikebøker. Og det er jo litt interessant, for det var i tenåra eg hadde mest sansen for han.

Aina Basso sa...

Ja, ho trekte frå Sult, då.

Anonym sa...

Menneskenes hjerter skal bli kalde den siste tiden og tjenere av mammon 👹og det er en sannhet. Våkn opp du som sover☀️