29. juli 2009

Å gjere mest muleg ut av minst muleg

Eg er på snik-kik på Litteraturhuset, og denne gongen får ikkje tanken rom for flyt. Eg følgjer nemleg med.

Trude Marstein les frå sin komande roman Ingenting å angre på, og gjer eit særs sympatisk inntrykk på meg. Ho har på knall blå kjole med raude og gule kanteband. Ho er ukokett, lett famlande, likevel konsis og med ei klar og tydeleg stemme.

Eg har tidlegare lese ei bok av Marstein, Gjøre godt, som eg likte veldig godt. Boka var som ein rus å lese. Dette eg alltid har fantasert om: å få innblikk i alles tankar, alles liv, frå eit fugleperspektiv, og det er ikkje farleg, for det gjeld ikkje meg, dei kjenner meg ikkje. Denne myriaden av menneske i ein liten by, og for ei stakka stund følgjer vi 118 av dei i løpet av eitt, heitt julidøger.

I Ingenting å angre på følgjer vi to personar, Heidi og Vegard, som er gift og har tre barn. Vegard har ungane med seg på hytta, Heidi finn på ei unnskyldning, og blir igjen i byen for å ligge med elskaren sin, Mikkel.

Marstein les særleg ein sekvens som sit att.
Vegard er på hytta, døtrene masar og masar og masar, og Heidi ringer og seier at ho ikkje kjem likevel, ho har fått migrene, og ho har mista toget. Her kunne forfattaren skrive noko slikt som: "Heidi ringer og ungane masar og masar i bakgrunnen." Men det gjer ho ikkje. Ho skriv masinga. "Pappa, kva er yndlingsfargen din?" "Pappa, pappa, pappa!", osb.
Ho les det, og eg kjenner stressnivået auke kraftig.

Trude Marstein seier også ein del om kva ho er oppteken av i si eiga skriving:

Å gjere mest muleg ut av minst muleg. Å ta på alvor det alminnelege, sjå det dramatiske i det vanlege, med ei blanding av distanse og nærleik. Ikkje blande eigne meiningar eller haldningar inn i teksten. Berre vise oss desse relasjonane, reaksjonane, alt dette som vi alle kjenner og gjer, men som likevel ikkje er utan sprengstoff.

Eg vil lese meir av denne forfattaren.

5 kommentarer:

aapedersen sa...

Gleder meg veldig veldig til den nye romanen.
Anbefaler sterkt Plutselig høre noen åpne en dør som jeg leste i et strekk i fjor sommer.

Anita

Aina sa...

Den har eg øvst på Marstein-lista mi! Kjekt å høyre at du tilrår henne sterkt.

Bai sa...

Eg gleder meg også. Eg vil lese alle bøkene til Trude Marstein. Eg likte både Gjøre godt og Elin og Hans veldig godt.
Eg hadde også tenkt meg på litteraturhuset i går, men det blei ikkje. Når eg les dette, synest eg det var dumt.

Aina sa...

Ja, du skulle teke turen. Det var stappfullt der. Fleire enn på Hanne Ørstavik, vil eg påstå. Og eg likte Marstein.

Lille søster sa...

Slutter meg til anbefalingene av Elin og Hans og Plutselig høre noen åpne en dør.