12. januar 2009

Embroideries

I går las eg teikneserieromanen (eller kanskje heller den illustrerte romanen) Embroideries av Marjane Satrapi. Ho som har laga animasjonsfilmen Persepolis, veit du, basert på to bøker, om sitt eige liv, i Iran, før ho flytta til Frankrike for å leve eit fritt liv.

Det handlar framleis om henne sjølv, i Iran, før ho flytta til Frankrike. Det handlar om ni kvinner, - unge, vaksne, gamle, som samlast over te frå samovaren for å utveksle sladderhistorier. Og nett denne kvelden: historier om sex.

Eg lurte litt på når denne broderinga skulle kome inn i biletet. Det høyrtest jo veldig snilt ut. Litt annleis enn desse frittalande samtalane om sex kvinnene imellom.
Så skjønte eg at det ikkje var brodering det var snakk om, men gjensying.

Det er altså ei bok om ein samtale om sex, der gjensying for å "få tilbake" jomfrudommen mellom anna er eit tema.

Det er ei springande forteljing, svært anekdotisk, ikkje særleg litterær, og heller ikkje med like gode illustrasjonar som dei eg blei glad i i filmen Persepolis.

Marjane Satrapi har mykje interessant å fortelje om Iran og kvinnelivet der. Men eg synest ho fortel det betre på filmlerretet enn mellom to permar.

Ingen kommentarer: