7. august 2009

Humlehonning

Det er ei glede å lese Torgny Lindgren.
Eg forstår ikkje korfor eg har brukt så lang tid på å skjøne det. Eg må vere både blind og dum.

Humlehonning er ei forteljing om eit trekantdrama, som byrjar med eit anna trekantdrama, som snarare skal bli ei forløysing.
På to av sidene står dei uforsonlege brørne Olof og Hadar, som bur i kvar sitt hus, rett ved sida av kvarandre på same garden.

Ein nokså livstrøytt 45 år gammal kvinneleg forfattar av helgenbiografiar kjem til ei bygd i Nord-Sverige for å halde eit føredrag ingen er synderleg interesserte i. Ho får losji hos den gamle, einslege og kreftsjuke Hadar. Ute snør det og snør, og forfattaren tenker at ho skal kome seg avgarde så snart brøytebilen kjem.

Men når brøytebilen kjem eit par dagar seinare er det ikkje så farleg lenger. Ho skriv på den nye boka si og blir stadig meir delaktig i liva til både Hadar og broren Olof, to motpolar i eitt og alt. Medan Hadar er tynn og skrantande, og lever for saltmat, er Olof svær og tjukk og nærer seg utelukkande på det søte. Begge er døyande, den eine av kreft, den andre av hjartet, men stirrige som dei er, ventar begge på at den andre broren skal døy først. Først då skal dei leve livet til fulle, når den andre berre er borte. Då skal hus rivast og badstuer byggast, då skal verda oppdagast!

Men kva har gjort dei to brørne til så bitre uvennar?

Torgny Lindgren skriv underfundig og godt. Under det melankolske ligg noko lyst og humoristisk og liksom gløder. Som i dette utdraget, der Hadar snakkar til forfattaren om smerte.

Smerten var sjelden her nordpå, fortsatte han, ihvertfall så man den sjelden, han kunne ikke erindre at han noensinne hadde sett noen smerte å snakke om hos kjente eller pårørende, til tross for at de beviselig hadde vært syke og til og med dødd i hans nærhet. Kanskje hadde smerten vært der, men han hadde aldri klart å få øye på den. Kanskje hadde kulda og snøen og mørket en smertestillende virkning.
Han hadde forstått at smerten sørpå var ufattelig mye vanskeligere og fikk dessuten mer oppmerksomhet.
Derfor gledet det ham eller var det i det minste en viss lise for ham at hun hadde bestemt seg for å gjøre denne reisen for hans skyld og bli hos ham. Siden hun var sørfra kunne han helt fritt, ja nesten lettsindig snakke med henne om smerten, han behøvde ikke skjule smerten for henne, for henne var smerten den naturligste ting i verden.
Alle mennesker, mente han, burde i sin siste levetid få et menneske fra sør i Sverige ved sin side, et menneske som uten å skjemmes, for ikke å si fullstendig uberørt, kunne omgåes med smerte og lytte til hvilken som helst klage.

2 kommentarer:

Robert Haugen sa...

Hei Aina.

Har du lese "Dores Bibel" med Lindgren?

Om livsløgna, tilrådd.

Helsing
Robert, Førde:)

Aina Basso sa...

Hei Robert.

Nei, eg har berre lese denne, eigentleg. Men kjem nok til å fortsetje, Dorés Bibel er på lista!