10. august 2009

456 timar

456 timar, 19 dagar, under tre veker, og eg skal skrive.
14 arbeidsdagar, viss ein tel på den måten.

Det kjentest så lenge til, men tida har gått så fort. No er det ikkje lenge til.
Er det skummelt? Er det berre fint?

Eg har byrja legge planar for hausten. Research- og skriveturar. Kjøpt togbillettar.
Eg skal byrje rett på. Den første onsdagen reiser eg til Trondheim for å besøke Statsarkivet, musea og gatene. Komfortsete på toget.
Ny berbar på veg frå Nederland.

Bokbunkar i leilegheita, lister med mange punkt, kontaktpersonar i historieforskingsmiljøet.
Snart klar til å skrive, no.
456.

6 kommentarer:

mette sa...

dette er så bra! eg gler meg sånn til å lese, og er så glad for at du sett i gong!

mette sa...

og forresten, så er det bare fint fordi det også er skummelt. masse deilig motstand!

Aina sa...

Takk for oppmuntringa, Mette!
Eg gler meg til å ha tid til å skrive. Til at det er det eg skal gjere. Ikkje måtte prøve å presse ut noko når eg allereie har jobba ein heil dag og er utsliten i hovudet. Det er så flott!

Silje sa...

Fint, fint, fint!

Og om du tilfeldigvis skal innom vitenskapsmuseet, og mangler noen å ta en kopp kaffe med, kan du jo ringe på ved smijernsporten til den svære teglsteinsgården øst for museumsparken :-)

mette sa...

ein idé: møtes no og då på trikkestallen -
for å lufte tekstar,
disposisjonar,
setninger, ord eller anna vi kan hjelpe kvarandre med?

Aina sa...

Silje:
Eg skal sikkert vandre ein del i høgget der, iallfall, så viss det hadde klaffa hadde det vore kjekt å ta ein kaffi med deg! Men kan ikkje du sende meg nr. ditt på e-post, då, så melder eg deg når eg kjem oppover?

Mette:
Det kan vi gjere! Uansett om vi har noko å lufte eller ikkje kan det jo vere fint med ein kaffipause!