29. oktober 2009

Mellom oss sagt

Eg visste at Mellom oss sagt var ei bra bok. Likevel har ho stått i hylla mi heilt sidan eg fekk tak i henne i fjor haust, etter å ha treft Marit Eikemo på Aasen-tunet.

Og i går kveld var tida inne, trass i at eg les både Solstad og Hjorth for tida. Eg kjente at det Marit Eikemo hadde å seie meg, var det eg ville høyre akkurat no. Så eg byrja lese.
Og eg fortsette.

Mellom oss sagt er ein intelligent, humoristisk og gjenkjenneleg roman om Regine Hansen: ei singel, velutdanna kvinne i midten av 30-åra, som framleis er tilsett som vikar i Aetat, som byrjar å merke dette sosiale gapet som opnar seg mellom dei single menneska og dei etablerte når ein er ung vaksen, og som kjenner ein viss desperasjon etter noko meir. Samtidig som ho ikkje veit kva ho vil.

Eg byrja som sagt å lese denne romanen ganske seint i går kveld, og sidan eg er min eigen sjef for tida, fortsette eg å lese ut i dei små timar, sov litt, og las boka ut til ein forlenga frukost i dag tidleg.

Eg kan ikkje tilrå denne boka nok. Til å vere debutroman er han fascinerande god, til å ikkje vere debutroman er han framleis strålande. Ein skulle ikkje tru dette var Eikemos aller første skjønnlitterære bedrift.

Marit Eikemo har i haust kome med sin andre roman, Arbeid pågår, i fjor gav ho ut sakprosaboka Samtidsruinar, begge bøkene har fått gode kritikkar. Ho er journalist og leiar av Litteratursymposiet i Odda.

2 kommentarer:

Monica sa...

Ah, ja - den er knall, den boka. Gleder meg til å lese hennes siste!

Lille søster sa...

Skal lese den!