28. oktober 2009

Spotifysvisker og dokumentsamanslåing


Every Rose Has It´s Thorn
var ein av dei finaste songane eg visste då eg var femten år.
Eg sat i baksetet på kvite bilar, vi køyrte fort på smale, våte vegar i haustmørkret, oskebegera var stappfulle og frå anlegget strøyma rockeballader.

Femten år seinare har eg fått Spotify og gjenoppfriskar gamle minne medan eg slår saman tre romandelar til eitt manus. Det nærmar seg tid for første dødlinje og eg har sove dårleg den siste veka.

Eg lagar mentale hugselister over hol som må fyllast, bitar som må puslast. Spotify speler Forever Young, The Actor, Through The Barricades. Eg sit i baksetet på kvite bilar, kjenner bassen i ryggen.

Ingen kommentarer: