26. oktober 2009

Mine stormfulle, stormfulle, stormfulle år

STORMFULLE HØGDER
(fritt etter Wuthering Heights)


Ute på dei falske, forblåste heiene
kunne vi rulle rundt, forsvinne i grønt
Du hadde temperamentet og eg sjalusien
Du var for heit og eg var for grådig
Korleis kunne du forlate meg?
Når alt eg trong var å herske over deg
Eg hata deg, eg elska deg òg
Du blei mitt banesår
Dei sa eg ville tape denne kampen
og legge bak meg mine stormfulle, stormfulle
stormfulle år



Heathcliff, mi hei, mi klippe, kom heim
Eg er så kald, slepp meg over til deg
Heathcliff, det er meg, slepp meg inn
Heathcliff, det har gått så lang tid
kor mange hundreår varer kjærleik,
kor lenge varer raseri?
Det blir mørkt, det blir einsamt
her på den andre sida
Eg tærast bort, det er mitt lodd
å falle gjennom historia utan deg


Eg kjem tilbake, hjartelause Heathcliff
min eine draum, min eineherskar
for eg har flakka omkring
No kjem eg over for å rette på ting

No vil eg heim til mine stormfulle, stormfulle
stormfulle høgder


Å, la meg få det, få krype inn i kista di
Å, la meg få det, få plass hos deg
Du veit det er meg, Cathy,
eg er så kald, slepp meg over
Eg er den rette, la meg komme inn

Brit Bildøen, frå Flamme-singelen Mine stormfulle, stormfulle, stormfulle år. Fritt etter Kate Bush, som også inneheld tekstar av Anne Oterholm, Anna Kleiva og Erlend Erichsen

4 kommentarer:

Midifila sa...

Herlig!

Og så høyrer eg stemma til mor mi utafor romdøra mi, mens Kate Bush gjekk på full guffe på stereoanlegget: Kjære deg, du kjem til å øydelegge songstemma di med det der!

Aina sa...

Haha. Men der tok ho feil! Eller?

Midifila sa...

Ho gjorde nok det;)

Lille søster sa...

Å, mine stormfulle, stormfulle år!