Dette førte til at gårsdagen (stort sett) blei ein fridag. Etter å ha skrive nokså intenst nokså lenge, og ikkje eigentleg teke særleg fri når eg tenker meg om, kjennest det som om piffen byrjar gå litt ut. Eg må likevel forsøke å skrive litt til før eg sender førsteutkast til redaktøren min i morgon kveld.
Fridagen i går blei brukt til å drikke kaffi og diskutere interessante tema med ein god venn, til å lese ei biletbok av Kristin Roskifte, Still deg i kø, på biblioteket - veldig søt - og til å plukke med meg eit par nye bøker heim når eg først var der. Eg var eigentleg ute etter den siste boka hennar, men sidan den ikkje var der, blei det i staden Sterk sult, plutselig kvalme av Trude Marstein som blei med heim. Tynn og fin. Eg fekk også med meg den nye barneboka til Maria Parr, som for øvrig er nominert til Bokhandlerprisen som einaste barnebokforfattar for Tonje Glimmerdal.
Eg har snart lese ut Ellevte roman, bok atten, men 17. roman let vente på seg. Kva driv de med, Litteraturklubben Epp?!
I dag får eg belage meg på å skrive litt meir, men først vil eg utnytte dagslys til slikt det er best å gjere når det er lyst: vaske og gå tur. Ha ein god laurdag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar