7. mai 2009

Distansert drama

- Ein god firar, sa F.R. - Eg likte boka, særleg etter at eg las dei første sytti sidene om igjen.
Eg nikka, men ikkje alle var like begeistra.
- Meg fenga det ikkje, sa K. - Språket var tungt og eg blei ikkje nysgjerrig på korleis det ville gå.
F.K. var litt einig med K., men hadde fått litt meir ut av lesinga.
- Ragnhild Jølsen er i det minste ein interessant person, sa han. - Og ho er interessant å lese berre av den grunn. I tillegg får romanen ein annan dimensjon når ein kjenner litt meir til forfattarens eiga historie.

Gårsdagens lesesirkelmøte blei halde i sola ute på Oslo Mekaniske Verksted og står slik sett i skarp kontrast til boka som blei diskutert, som snarare pregast av mørker enn av lys.

Sorte lå Gan gårds hus med sitt søvnige ekko, og trerøttene skalv nede i haven. Sol kom gnistrende ved sommertid, klar og sterk som bare sommersol kan gnistre. Maktet ikke gnistre i noe på Gan: Ikke i en taksten på mønet. Ikke i en enslig rute. Det torde da tjene som en lignelse dette, hvordan Gan gård ved sjøen nu ikke lenger hørte dagen til, slik den lukket seg sammen, tett og tverr, og sov i sin falne storhet.

Rikka Gan var den andre romanen til Ragnhild Jølsen, og kom ut i 1904. Romanen er ei mørk undergangsskildring om den unge og ugifte Rikka Torsen, som er etterkomar etter generasjonar med sterke kvinner og svake menn, som alle stamma frå formora Brynhilda og garden Gan.

Jomfru Rikka flyttar, saman med bror sin Jon Torsen og hans driftige hustru Fernanda, tilbake til ættegarden fleire år etter at han er komen ut av familiens eige. Broren Jon skal vere bestyrar på garden for den rike Mattias Aga, men ettersom Jon Torsen er både skrøpeleg og svak, er det i kvinnene som styrer garden, slik generasjonane før dei også har gjort.

Så kjem det slik i stand at Jon Torsen blir sjuk og står i fare for i miste bestyrarstillinga. Då er det Fernanda Torsen lagar ein djevelsk plan som gir Mattis Aga noko igjen for å la familien Torsen fortsetje å styre Gan. Og løna til Aga er den tiltrekkande Rikka.

Ragnhild Jølsens eiga historie kan med lettheit lesast inn i Rikka Gan. Både historia om tapet av slektsgarden og den meir personlege historia finst det spor av i forteljinga. Handlinga i boka er lagt til tidleg på 1800-talet, og ber preg av mytologi og overnaturlege fenomen, og er sterkt symbolmetta. Skildringa av hovudpersonen Rikka er tosidig, og viser både ei sterk, stolt og hard ung kvinne, og ei meir uskuldig, romantisk ungjente, som lengtar etter kjærleiken og det lette og lyse livet på andre sida av vatnet, i Herby.

Av oss to er Ragnhild Jølsen den største, skal Sigrid Undset ha sagt.

Ettertida ville det ikkje slik. Og kanskje var Ragnhild Jølsen større i si samtid enn ho er i si ettertid. Kanskje var dristigheita i val av tematikk større enn dei litterære kvalitetane, sett med ettertidas auge, i ettertidas kalde overlys.

Problemet med Rikka Gan, slik eg ser det, er alt det uuttalte, alle fragmenta, alle hinta. Forfattaren følgjer ikkje skikkeleg opp sine eigne trådar, og gjer etter mi meining lite utav den brannfakkelen av stoff ho sit med. Vi får ikkje følgje hovudpersonen i dei skilsetjande situasjonane, noko som skaper ein distanse til historia og ein tvil til kva som eigentleg føregår. Dels kan dette vere på grunn av den vanskelege og tabubelagte tematikken, men ikkje berre det. Det har også med stilen å gjere, at det i somme tilfelle står for mykje mellom linjene enn på dei. Noko som etter mi meining ikkje alltid fungerer like godt. Ikkje fordi vi ikkje forstår, men fordi vi ikkje lever oss inn i det som hender.

Likevel er eg glad eg har lese noko av Ragnhild Jølsen, og eg ser ikkje vekk frå at eg også vil lese fleire av bøkene hennar. Eg støtter meg til ein god firar. Og neste lesesirkelbok er Drømmen og hjulet av Jens Bjørneboe, som handlar nettopp om Ragnhild Jølsen.

3 kommentarer:

F.R. sa...

Var hun vår første kvinnelige horrorforfatter?

Veldig mørkt, både psykologisk og det dunkle huset med sin historie og sin innvirkning på alle som levde der og som trådte innenfor.
Litt Edgar Allen Poe over historien. Står på min sterke 4'er.

Jorid sa...

Ragnhild Jølsen og Rikka Gan er liksom litt "hellige" for meg. Jeg liker nettopp det uuttalte, det mytiske og symbolske ved romanen. MEN jeg kan jo ikke forvente at alle skal elske den, glad du likte den LITT i hvert fall :-)
(Rart hvordan man gjerne vil "forsvare" bøker man selv er spesielt glad i.)

Aina sa...

F.R.:
Stemmer, eg må lese Edgar Allan Poe eingong! Tilrådde ikkje du ei bok av han?

Jorid:
Jau, eg skjøner då det. Dessverre treffer ikkje alle bøker alle lesarar like godt, men eg syntest ikkje det var ei dårleg bok og eg ikkje uinteressert i å lese meir av henne.