8. mai 2009

skot


I skumringa søkjer kollene ut frå skogen
Med rolege steg trekkjer dei i flokkar
mot dei opne markene med grønt gras

Stundom lyftar dei hovudet
held kjevane i ro og lyder
mot ei ørlita rørsle i fjøsskuggen:
Jegeren sin krumme finger
som langsamt rettar seg ut

Når kniven glir attover buken
blandar mjølk seg i blodet
I skogen ventar ein kalv
dørgande stilt mellom stammene

Frå Søkk av Hilde Myklebust

2 kommentarer:

Anita sa...

Dette diketet er vondt og vakkert, av mine favoritter i Hildes fine samling.

Aina sa...

Ja, det er eit veldig trist og veldig fint dikt.