5. mai 2009

Kva er ein historisk roman?

Det finst ein framherskande måte å skrive historiske romanar på.
Dei skal vere tjukke. Dei skal byrje med å setje lesaren inn i den tids klima, både fysisk, andeleg, politisk, ideologisk, industrielt (ev. preindustrielt), teknologisk, medisinelt... i det heile. Dei er ordrike og er skrivne i ein forteljande stil.

Ein klassisk historisk roman kan t.d. byrje med ein person, ikkje naudsynleg hovudpersonen, som går rundt og reflekterer over samtidas aktualitetar. Og gjennom denne personens refleksjonar forankrast vi, og historia, i ei tid, eit samfunn, eit sett idear, og så bortetter.

Slik byrjar Drømmen og hjulet av Jens Bjørneboe. Ikkje med forfattarinna Ragnhild Jølsen, men med hennar farfar Peder Jølsen, og med hennar forhistorie. Lesaren skjøner med det same at det er ein grunn til at Bjørneboe byrjar nett her, fleire tiår før protagonisten i det heile er fødd. Lesaren aner at dette vil ha verknader på ho vi skal lese om.
I dette første kapitlet diskuterer far og son, Holm, som skal bli far til Ragnhild, teknologiske nyvinningar. Vi er på randa av industriell revolusjon i Noreg og far og son Jølsen representerer den høvesvis gamle og den nye tida. Etter nokre sider kjem så ein dokter på besøk, og samtalen kjem raskt inn på atter andre strøymingar i tida: revolusjon, Marx, Darwin, den nye narkosemetoden som nyleg er oppfunnen.

Dette er det vi er vande med. Slik er den historiske romanen, tenker eg og sikkert mange andre med meg. Men er han eigentleg slik? Eller treng han vere det?
For meg er dette berre éin måte å skrive historisk på. Kanskje er han den mest vanlege, men på ingen måte den einaste.

Lat oss sjå på ein annan måte.
Vi kan ta den islandske forfattaren Sjón og hans fine poetiske, nesten punktroman-aktige Skugga-Baldur som døme. Her forklarer forfattaren minimalt, men vi forstår likevel. Vi treng berre årstalet, nokre få knaggar, og så er vi i gang. Sjón plukkar ut det han ser som relevant for historia når han fortel, han vél meir vekk enn han tek med, likevel kjenner vi tida og historia tett på kroppen. Og han har mange poetiske scener, stilistisk vakre, symbolmetta.

Endå meir uvanleg er den reine (og første) punktromanen Anne av poeten Paal-Helge Haugen, som nærmast består av små dikttekstar og sitat frå historiske kjelder som til saman fortel historia om Anne, som går frå barn til vaksen og samtidig brytast ned av tuberkolose.

Og kva med Jon Fosse? Andvake er jo eigentleg ein historisk roman, eller ei historisk forteljing, iallfall. Det er lagt til fordums tid, i Bjørgvin, men han spesifiserer ikkje året, ikkje eingong århundret. Her er det forteljinga om Asle og Alida som er det viktige. Den evige forteljinga, som kunne hendt når som helst og kor som helst.

Eg er glad i å lese gode historiske romanar, anten dei er skrivne på eit sett eller eit anna. Så lenge dei er gode. Og så lenge dei er godt skrivne. Eit problem med sjangeren er at forfattaren ofte gjer så mykje research at ho føler ho må vise alt ho har lært, og dermed endar med å pøte det inn alle mulege stadar. Dette blir jo fort veldig kjedeleg.

For nokre er det for lite faktastoff i Ingen må vite. For andre akkurat passe.
Men eg vil ikkje skrive tradisjonelle, historiske romanar. Eg vil skrive prosa lagt til ei historisk tid. Eg vil frigjere meg litt frå sjangerkrava, leike med språket og forma og inkorporeringa av det historiske faktastoffet i teksten.
Eg vil ikkje ha transportetapper eller "bakgrunnskapittel". Det er ei utfordring, klart det er det. Det kan bli for skrint, det kan bli for lite truverdig, for tynt og fragmentert. Det gjeld å finne balansen.
Men eg vil utfordre sjangeren litt. Eg vil skrive om det historiske på same vis som eg kunne skrive om det samtidige. Late tekst, form og språk få like mykje vekt som det historiske stoffet og forteljingane.
Eg ser det som ei utfordring.

2 kommentarer:

Lille søster sa...

Heier på deg i dette! Vil gjerne lese mer historisk poetisk prosa. Har akkurat lest Anne forresten. Jeg lurer på om den kunne ha blitt kalt en diktsamling hvis den hadde kommet i dag?

Aina sa...

Eg trur Anne kunne blitt kalla diktsamling då ho kom i 1968, også. Korfor ho blei kalla roman og kven som fann på omgrepet punktroman veit eg ikkje, men det er det kanskje nokon andre som veit? Litteraturvitere, bekjenn eder!