11. oktober 2009

Avstandar

I fjor skreiv eg om diktsingelen til Monica Isakstuen Stavlund, Sånn, borte, som ho gav ut på Flamme forlag. I år skriv eg om debutromanen hennar. Eg likte singelen, så kva med romanen?

Tittelen på romanen er det nokså uvanlege Avstand2 som mange bloggarar har plagast med å skrive på riktig måte . Og kva betyr eigentleg tittelen? Avstand i andre, som eg ville sagt? Ein opphøgd avstand, avstand gonga med avstand. Vel, det må vel handle om avstand. Kvadratrota av avstand er avstand.
Det handlar om avstand på mange måtar, mange plan og i mange ulike typar relasjonar.

Tiden skriv følgjande om romanen:

Aleksander blir oppringt av en kvinne som påstår at hun var gift med hans far og at denne mannen nettopp er død. Dette er et pussig budskap, ettersom Aleksander har vokst opp i visshet om at faren døde før han ble født. Aleksander oppsøker kvinnen, og i huset hun bor i finner han en hel etasje som er dekket av hundrevis med bilder av ham selv, fra sjuårsalderen og fram til i dag.

Hvorfor har faren fulgt etter ham og tatt bilder men aldri kommet fram – og hvem kan nå fortelle sannheten om det som skjedde?

Eg likte drivet i historia, her er nokre fine og presise skildringar (sko som "smattar" mot golvet, til dømes) og boka blei etter kvart vanskeleg å legge ned, fordi eg - sjølv om eg følte eg visste kva som kom til å skje og kva som hadde skjedd - blei riven med av eit spenningsdriv, meir på det psykologiske plan enn noko ytre plan. For dette er eit kammerspel, det er ikkje så mykje som skjer, reint ytre sett.

Om eg skal ha innvendingar er dei ikkje store og ikkje mange. Eg er einig i at det er litt for lykkeleg slutt på boka, det trekte opplevinga litt ned for min del. Eg er heller ikkje så glad i bruken av "..."
Men det er alt. Det er ei fin bok, ei spennande bok med godt driv, og eg vil berre nok ein gong gratulere søte Monica Isakstuen Stavlund med denne vellykka debuten. Eg er viss på at det kjem fleire gode bøker frå den kanten, og dei ser eg fram til å lese.

2 kommentarer:

Monica sa...

Hø hø, ja, den slutten, den slutten. Den er det mange som har kommentert. Men tusen takk for at du tok deg tid til å skrive om leseopplevelsen - jeg blir like imponert hver gang noen gjør det! :-) Og takk for oppmuntrende og gode ord. Spent på å høre hvordan det går med skrivinga di.

Aina Basso sa...

Ja, desse sluttane, dei er søren ikkje så lette. Eg fekk også høyre, iallfall frå éin kant, at slutten min blei litt for happy. Kva er det med oss tregingar som ikkje vil ha lykkelege sluttar? ;)

Eg likte iallfall boka, eg håper det er det inntrykket du også sit igjen med! Skriv på, skriv vidare og lykke til! Eg kjem tilbake med skriverapportar når eg har noko nytt å fortelje.