13. oktober 2009

Eit eige rom med dokker og data

Det er den tida på året.
Den tida alle som har eit eller anna spennande prosjekt i magen får spader og sit og jobbar intenst med stipendsøknadane sine dag og natt.
Sjølv har eg allereie sendt to søknadar avgarde i år. Den eine fekk eg avslag på, den andre veit eg ingenting om enno. No skal eg sende ut fem til.

Eg sit i eit lunt datarom i foreldra mine sitt hus og høyrer på ein treg skrivar som jobbar iherdig med eit dokument eg skreiv ut før det var ferdig. På golvet er framleis det lysegrå, melerte vegg-til-vegg-teppet eg fekk installert då eg overtok dette rommet som niåring, på veggane kvit tapet med rosa trekantar, små postkort med bilete av søte dyr, ei bokhylle med barnebøker, nokre dokker, litt lego, nokre små kunstverk eg laga som barn. Og ein stor datapult med maskin og skrivar.

Ute skin sola, eg ser hagen gjennom ei brei glipe i gardina, og gler meg til alt dette søknadsstyret er over for i år og eg kan konsentrere meg om romanskriving igjen.

3 kommentarer:

Elin sa...

Du er så flink, Aina!

Høres litt fint ut å fortsatt ha barndomsrommet sitt.

Ingrid Svennevig Hagen sa...

Hei Aina!
I dag har jeg anbefalt og lånt ut boka di i biblioteket! Det må jo være inspirerende å tenke på!!!
lykke til!
Beste hilsen Ingrid

Aina Basso sa...

Elin:
Har og har :) Der er eit par rom i huset som ber eit visst preg av at eg ein gong budde der, men at dei no er tekne over av foreldra mine og alle tinga deira.

Ingrid:
Det var jo kjekt å høyre! Etter at du skreiv dette måtte eg sjekke diverse bibliotek og fann ut at akkurat NO er boka mi minst utlånt til tjue (!!) lånarar. Og då sjekka eg sjølvsagt ikkje alle bibliotek, men berre litt her og der (mest her). Moro!