15. oktober 2009

På Nasjonalbibliotekets lesesal

Eg byrjar kjenne det i ryggen, i nakken, eg kjenner det mellom skulderblada, i kjeven: den intense lesinga, når ein finn noko som gir ei a-ha-oppleving. Når ein finn mange slike ting. Når ein veit at noko er tilført, noko nytt kan skrivast, noko gammalt må endrast.

Eg liker meg her. Blandinga av nytt og gammalt i det gamle Universitetsbiblioteket på Solli plass. Innfelte bokhyller i mørkt tre, bogedører, stjernedekor og høgt under taket. Gamle leseplassar åtskilte med nytt pleksiglas, berre eit sus, svak blading i bøker, eit lågt snufs, tastetrykk, nokon som kviskrar kortfatta.

Eg må ta ein pause. Eg skulle ønske eg hadde hatt den same lese-intensiteten då eg var student. Kanskje hadde eg det då eg skreiv masteroppgåva. Eg les faglitteratur og primærkjelder og skriv vidare på romanen i hovudet medan eg les. Men eg skal ikkje skrive i dag. Berre lese og ta notatar. Skrive kan eg gjere ein annan dag. Når eg ikkje sit her.

7 kommentarer:

Eirin Bjørnstad sa...

Jeg som ikke bor i Oslo, men i Tromsø, har flere ganger tenkt at Det er noe jeg skal gjøre en gang jeg er i Oslo, sitte en hel dag på Nasjonalbiblioteket å lese. ;-) Heldige du! -Eirin

Unknown sa...

Ååå, det er et flott bibliotek!

Anonym sa...

Eg har nett vitja biblioteket i Trinity College i Dublin. Det var litt av ei oppleving!

Aina Basso sa...

Eirin:
Då må du hugse å bestille bøkene du vil sjå på dagen før, dei har nemleg forsvinnande lite framme.

Dipso:
Einig. Veldig flott. Eller good vibrations, som det heiter.

Anonym:
Ojoj! Kjenner at biblioteknerden i meg vaknar.

T. sa...

Ja! Et nydelig rom, og i tillegg så ufattelig mye bra hjelp å få fra de finingene som jobber der. Det er utrolig hva de kan hjelpe til med å finne. Jeg er hemmelig forelsket i sånne bibliotekarer som sier vent litt, mens det de egentlig sier er simsalabim.

heklehatt leser sa...

Aina: biblioteksnerd, det var et fint ord!

og T.: det var fint sagt: vent litt = simsalabim! det er jo disse tingene vi må ta med oss i livet..

Aina Basso sa...

Ja, det er kjekke folk i denne bransjen. Som oftast!