8. juli 2009

Handlar det eigentleg om Hildr?

Nok ei lesesirkelbok er fortært og fordøyd, og deretter dissekert. Eg meiner diskutert.
Denne gongen var det Jens Bjørneboes biografiske roman om Ragnhild Jølsen Drømmen og hjulet som stod på plakaten. Men er det eigentleg ein biografisk roman?

Drømmen og hjulet er både ein tradisjonell historisk roman, kva form og ingrediensar angår, og også ein typisk Bjørneboe-roman, med kva det måtte medføre av sosialt engasjement og ikkje minst -agenda.

Historia byrjar med Ragnhild Jølsens farfar, Peder Jølsen, og med ein samtale mellom han og sonen Holm om framsteget. For vi er i byrjinga av modernitetens tidsalder, med kva det måtte medføre av industri, kapitalisme, arbeidarrørsle og klassemotsetnadar. Og kanskje er det nokså breie og langstrekte familiehistoriske og industrielle bakteppet naudsynt for å forstå mennesket og forfattaren Ragnhild Jølsen. Iallfall bruker Bjørneboe nokså mykje tid på å skrive om alt anna enn ho eg trudde boka skulle handle om. Ja. kanskje er det naudsynt. Og kanskje er det det ikkje.

Når Ragnhild, eller Hildr som ho seinare skal kalle seg, endeleg kjem inn i historia, er det først nærast som ein biperson. Det er samfunnet og brytningstida som står i sentrum, i god Bjørneboe-stil, kan hende. Eg er ikkje så vel bevandra i Bjørneboes forfattarskap, skal eg villig innrømme. Eg har lese og likt Jonas, to gongar, og forsøkt å lese, men absolutt ikkje likt, Uten en tråd. Eg har ikkje, som alle unge menn i ein viss alder gjer, lese Bestialitetens historie, og trur nok heller ikkje eg vil gjere det.

Kanskje er Drømmen og hjulet vel så mykje ei bok om Bjørneboe. Om hans eigne syn, om dei likskapar han finn mellom seg sjølv og Jølsen, om hans eigen kamp med si eiga skriving og med rusen. Eg er ikkje nøgd med måten denne romanen er skriven på og forstår ikkje kva tittelen viser til. Eg ville lese ei bok om Ragnhild Jølsen og det synest eg ikkje at eg har gjort. Alt som står der kunne eg funne ut på langt enklare måte - har eg allereie funne ut på langt enklare måte, og med langt mindre bruk av tid. Det er nesten så eg tenker at nokon burde skrive ein ny biografisk roman om denne kvinna. Der ho står i sentrum, ikkje samfunnet rundt henne, før henne, og av ein eller annan grunn, etter henne. Ho var jo ikkje eingong samfunnsmedviten.

3 kommentarer:

Mettemor sa...

Lesesirkel er bra. I dissekeringen som finner sted der har jeg ofte fått synspunkt og innspill på bøkene vi har lest som jeg overhodet ikke har tenkt på selv. Ofte har bøkene satt i gang interessante diskusjoner. Vi har ikke lest Bjørneboe i min lesesirkel, men jeg har lest han for lenge, lenge siden. For jeg har hatt min Bjørneboe-periode. Da var jeg kjempefascinert. Mest av Bestialitetens historie. Men også av Drømmen og hjulet. Den fikk meg også til å lese Rikka Gan av Ragnhild Jølsen. Jeg mener å huske at jeg også leste Rikka Gan med selvbiografi for øyet. Rikka var veldig oppsatt på å finne Mannen; å bli forelsket i Mannen. Kanskje var det der jeg kjente meg igjen? ;-) Leste vel dette i 17-18-19-årsalderen, tenker jeg.

Avil sa...

Drømmen og hjulet satte i gong Jølsen-perioden min på gymnaset. No tenker eg at eg nok ikkje skal lese den om att.

Aina sa...

Ja, lesesirkel kan vere veldig bra - særleg når ein har ei samansetjing som funkar, og det har vi!

Eg trur elles at både Bjørneboe, historia om Ragnhild Jølsen og kanskje også bøkene hennar gjer sterkare inntrykk når ein er i dei formande åra på vidaregåande. Eg kjenner på meg at eg ville opplevd desse bøkene og historia annleis om eg hadde lese dei for ti-femten år sidan.