30. november 2009

NORG


Ei av haustens kanskje mest spennande og uvanlege debutantar er Cesilie Holck som har debutert med boka Norg, ei samling korte tekstar frå landet med same namn. Tekstane er like, på den måten at ein heile vegen kjenner igjen Holcks særeigne stemme og humor, men i sitt ytre uttrykk likevel ulike. Nokre er skrivne i eit heilt eige og stort sett uforståelege språk, nokre ser ut til å vere ein slags RSS-feed frå ei nettside eller noko liknande, nokre er små brotstykke av forteljingar om eit utval norgar, nokre omhandlar ei større, meir politisk side av Norg, osb. Kva dette er kan eg ikkje seie. Sjølv har Holck sagt at boka er eit språkeksperiment, og det er kanskje den beste forklaringa? Metaforar og faste uttrykk tekne bokstaveleg.

Ettersom eg finn det vanskeleg å forklare kva denne boka er, tyr eg til eitt av mine favorittutdrag. Så får du lese henne sjølv og gjere opp di eiga meining. Eg kjenner meg allereie spent på kor forfattaren tek vegen vidare. Kva slags prosjekt er dette ei byrjing på?

GRAVSNURR


Den sylinderformede trommelen med kisten gravlegges, siden blir spakens monolittiske design det eneste som stikker opp fra gravbedet; en vakkert utformet elfenbenssøyle med den avdødes navn inngravert.
            Når du bryter konvensjoner viderebringes ryktet straks dit det skal. Før du vet ordet av det får gravsnurreren en lyd på øret om hva du har stelt i stand. Leter seg fram til det som er din konvensjonsgrav, din elskede farfars grav.
            Deaktiverer den digitale låsen.
            Dreier på startsveiven så kisten tromles rundt og rundt.
            Uansett hvor du måtte befinne deg når du synder, vil du ikke kunne unngå å høre den gnissing som oppstår når din farfar nå snus i graven: De skingrende, monstrøse lydene fra en nesten fastrustet, usmurt trommel, lyder du på flere kilometers avstand vet å skjelne fra alle andre gravers trommellyder, lyder som får deg til å angre så dypt og inderlig på at du var nakenmodell at du ikkje engang trenger å oppsøke kirkegården for å føle skam. 

1 kommentar:

Silje sa...

Herlig utdrag!