28. januar 2009

Is-slottet

Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av si skapande kraft. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn.

Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to.

For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas – som første norske forfattar – Nordisk Råds litteraturpris i 1963.
(Gyldendal)

Kva er det mellom Siss og Unn? Dette er den første tanken eg tenker. Kva er dette vennskapet mellom to 11 år gamle jenter, som blir så sterkt og dragande allereie før dei kjenner kvarandre, og som tek over heile dei etter berre eitt einaste møte?

Kva er løyndomen til Unn? Kva er det ho ikkje fortel, som Siss ikkje vil høyre, men som ho likevel kanskje forstår?

Eg skulle bli 29 år før eg las Is-slottet første gongen. Ei bok eg kanskje skulle ha lese femten år tidlegare, som ville ha treft meg på gud veit kva annan måte i den alderen. Men som garantert ville treft meg. Og som treffer meg, som 29-åring, som vaksen. Ei bok eg nesten ikkje klarer å legge ned. Ei bok som dreg meg gjennom seg, ein sterk hulderlokk inn i is-slottet, inn i dette fagre, farlege byggverket fossen og frosten har laga. Dit Unn går for langt inn, fengsla av det grøne, kalde glitteret, og blir borte. Kan ho finnast att?

Og Siss, som også blir borte. Som går inn i Unn, eller i lovnaden til Unn, som tenker einast på Unn. Kan ho finnast att?

Is-slottet er ein svært poetisk roman. Ein symbolmetta roman. Ein vakker, spennande og forferdeleg roman. Eg veit ikkje om eg ville late elleveåringen min lese Is-slottet. Men kanskje trettenåringen og heilt sikkert fjorten-femtenåringen.

Og eg vil late deg lese Is-slottet, viss du ikkje allereie har gjort det. Eg vil ikkje berre late deg gjere det. Eg vil oppmode deg om det.

12 kommentarer:

Jorid sa...

Da jeg gikk i 6. klasse, ga norsklæreren oss et utdrag fra Is-slottet. Det gjorde et enormt inntrykk på meg! Ikke at jeg forsto alt, men det var noe i den teksten som ikke slapp taket i meg. Siden har jeg lest den flere ganger i voksen alder, og det er en roman jeg aldri kommer til å bli ferdig med.

Derfor var det også veldig fint å lese om din lesning av den :-)

a9ta sa...

Ja, dette er ein nydeleg roman både i handling og språk. Biletet av Unn innfrossen i fossen må vere eit av dei vakraste bileta i litteraturhistorien. Men eg likar best å lese romanen rett fram og la bileta vere det dei er, utan å lese dei som noko anna.

Lille søster sa...

Is-slottet er en av de bøkene som har betydd mest for meg. Jeg leste den første gang da jeg var 11-12. Jeg syntes det var veldig rart at vi ikke fikke vite hemmeligheten til Unn. Og at hun ikke kom ut av slottet igjen. Det kom ingen løsning, slik jeg var vant til fra barne- og ungdomsbøkene jeg leste ellers.
Det er også rart å tenke på nå at jeg kunne lese både Is-slottet og Isfolket på samme tid uten å tenke at det ene var bedre enn det andre.

Aina sa...

Men de som las romanen i så ung alder: meiner de at han eignar seg for så unge menneske? 11-12-åringar? Er han ikkje altfor tøff til det, kjenslemessig? Eller går han kanskje meir inn på dei som er eldre, fordi vi forstår meir?

Lille søster sa...

Det er sikkert ganske personavhengig. Jeg tok ikke noe skade av å lese boka i hvert fall. Selv om den gjorde sterkt inntrykk. Unn inne i isslottet kan jo være sterk kost.
Jeg vet ikke.

Aina sa...

Ja, eg synest iallfall det var ganske sterk kost. Men eg undervurderer kanskje unge lesarar og skjer alle over ein kam?

Likevel er det som om eg tenker at det er verre å lese noko realistisk om døden enn noko veldig eventyrleg og fantastisk, med sverd og draga og æksjn, som t.d. i fantasylitteraturen?

Men den verste scena for meg - som vaksen lesar - var nok den siste, der Vesaas utførleg skildrar korleis is-slottet knusast mot steinar i elva, til alt er borte.

Lille søster sa...

Ja, jeg husker den scenen.
Jeg lurer på hvordan Vesaas fikk ideen til denne boka. Har du hørt noe om det? Kanskje ingen vet?

Aina sa...

Eg veit ikkje.
Eg ser føre meg at han har sett ein slik isformasjon på ein foss i nærleiken og studert han inngåande. Og eg ser føre meg at han har sett korleis jenter er venninner, kor nære dei kan bli. Og at dette til saman har skapt ein idé. Men eg har ikkje lese om det nokon stad.

Kanskje eg må spørje nokon som kan vite ved første høve!

Jorid sa...

Jeg tror også det er veldig personavhengig. Boka var ikke for tøff for meg, jeg følte heller at den tok meg på alvor. Jeg var i utgangspunktet en lesehest, men hadde fram til da lest tradisjonelle barnebøker (som jeg hadde stor glede av), men denne spesielle boka føltes som en slags "åpenbaring" fordi den var så totalt annerledes og ga meg mye å gruble på. MEN det er selvsagt vanskelig å skulle analysere denne leseopplevelsen så mange år etterpå...

Lille søster sa...

Jorid: Da hadde vi nok en ganske lik opplevelse.

Ståle sa...

Vet du. Is-slottet har stått ulest i hyllene mine i mange år nå. Av en eller annen grunn har jeg ikke begynt på den. Men nå fikk jeg lyst til å ta den fram. Den har blitt løfta fram fra glemselen i denne omtalen din. Og kanskje også av at jeg nettopp har lest og blitt bergtatt av din egen vakre roman (omtale kommer snart).
Problemet mitt er at det begynner å bli mange bøker i den der "skal-lese-snart-lista" mi. Luksuspronle, kalles det :-)

Aina sa...

Først og fremst, Ståle: tusen takk! Det var kjekt at du likte boka mi!

Det er eit luksusproblem å ha for mange gode bøker ein vil lese. Men eg har funne ut at det igrunnen er lurt å kjøpe dei når ein kjem på det, for plutseleg kjem trongen over ein til å lese akkurat slik type litteratur akkurat no, og då er det berre å strekke ut handa og setje i gang!