27. januar 2009

Det finst ei jente

der ute i Noreg ein stad. Ei jente som har lese Ingen må vite og skrive ein knakande god særoppgåve om boka.

Eg har fått lese førsteutkastet, og det var særleg desse orda som varma mitt spede debutanthjarte:

Jeg liker egentlig ikke å lese, men denne boken her klarte jeg faktisk ikke å legge fra meg før jeg hadde lest den ut.

For meg fastslår dette, saman med andre små drypp som har kome frå eine og andre kanten, at Ingen må vite ikkje er heilt feilslått som ungdomsroman. Visst kan ho lesast av vaksne, og med eit anna utbytte, men der finst også unge lesarar der ute som let seg gripe av historia.

Slikt gjer meg glad. Eg håper ho får ein god karakter.

14 kommentarer:

leselama sa...

Det gjør meg glad også!

Hun får sikkert en strålende karakter - hun høres ut som en slik jente. :-)

haustljos sa...

Så fantastisk!

ertestuing sa...

Så gøy det må være å oppleve at unge lesere skriver særoppgave om noe DU har skrevet. :) Snakk om å spre leselyst!

Aina sa...

Ja, det er veldig fint.
Og veldig rart. Eg er jo så fersk som forfattar. Eg hadde ikkje tenkt meg at slikt skulle skje med det første, kanskje seinare ein gong, viss eg fekk noko dreis på dette, men ikkje enno.

Så det var ei fin overrasking!

a9ta sa...

Så fint!

Lille søster sa...

Ja, dette må være flott for en ungdomsbokforfatter!
Det var også interessant at hun ikke var så fryktelig glad i å lese ellers. Jeg har tenkt at Ingen må vite er en bok for dem som leser mye. Men det er ikke nødvendigvis riktig.

Aina sa...

Eg har også tenkt det. Men så har eg merka meg at boka også har nådd til dei som vanlegvis les ein del serielitteratur. Og det overraska meg. Det hadde eg ikkje venta. Men brei appell skal ein ikkje kimse av.

Lille søster sa...

Det er flott at de som leser serier kan lese noe annet, og ha utbytte av det! Serier er jo ofte historiske bøker, så de liker vel å lese om gamle dager, de som leser serier. Og boka di har jo en sterk og dramatisk historie, slik serieromaner ofte har. Uten sammenligning forøvrig, selvsagt!

Aina sa...

Ja, for når det gjeld desse lesarane er det forteljinga i seg sjølv som appellerer, det dramatiske og kanskje det romantiske, og ikkje det språklege som - om eg skal vere heilt ærleg - er det aller viktigaste for meg. Mitt prosjekt er jo det språklege, ikkje det forteljande, sjølv om eg kjenner trong til å freiste kombinere desse elementa.

Men språket fungerer også for dei yngre lesarane, dei som ikkje bryr seg så mykje om kva som er klisjear eller ikkje, kva som er originalt eller annleis eller ikkje, fordi dei framleis les Is-slottet og Isfolket side om side, som du sa, Lille søster: for dei gjer dei korte setningane teksten lettlesen. Noko eg utruleg nok ikkje hadde føresett. Det er faktisk utruleg kor lite medviten ein predebutant kan vere om kva verknad det ein puslar med vil få på ulike lesarar. Eg var iallfall frykteleg lite førebudd på kva slags reaksjonar som kunne kome. Og difor også lite spent i forhold til det, og ofte positivt overraska.

Lille søster sa...

Det må være fint å få slike uventede reaksjoner. Og fint at boka di kan virke på ulike måter, at forskjellige personer kan legge vekt på forskjellige ting ved den (språket eller historien - men for de fleste en kombinasjon)

Elin sa...

Hurra!

På kanten: Jeg stilte ut Ingen må vite på anbefalingshylla, og siden den nå hadde blitt lånt ut, stilte jeg like godt ut et eksemplar til. *fnis*

Aina sa...

Flott initiativ, Elin! Det er jo berre å fylle på og fylle på til det er tomt, det! :)

Elin sa...

Nemlig! Jeg har tro på synliggjøring av bøker. :-)

Forresten:
http://lunacia.net/?p=588

Aina sa...

Takkar for det, Elin!