27. januar 2009

Søndag

det er noko tett
over minnet, noko tørt
som tett varme
i ei ulufta stove
ei varm tett søndagsstove

og lukta av den brune sausen
og skirenn på tv
og preike på radio
og raude velurmøblar
og raude velurgardiner
og potteplantar og gamle tanter
og porselenskoppar bak glasdører

det er bleik vintersol
og blå fjord
det er snart vår

og ei jente som står i sofaen
og ei jente som ser ut glaset
som ser ut på det blasse graset
som ser ut på lufta
som er kjølig
som er frisk
men no er det middag

og strikkar gule skjørt
til dokkene sine

(Dette diktet skreiv eg etter inspirasjon frå dette diktet av Jon Fosse. )

4 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Veldig bra. Jeg synes i det hele tatt at det har vært stor utvikling i lyrikken din i den tiden du har vist den frem her i bloggen. Tydelig at du jobber mye med dette. Jeg blir nysgjerrig på om det foreløpig bare er løsrevne dikt og øvelser, eller om du jobber med et mer konkret bokprosjekt innen denne sjangeren.

Lille søster sa...

Det er jeg også nysgjerring på:)

Lille søster sa...

Flott dikt forresten!

Aina sa...

Takk for det!

Nei, eg skriv (stort sett) lausrive og heilt spontant, utan plan, utan krav.

Men eg kjenner behovet for å uttrykke tankane mine i diktform. Det har eg gjort sidan eg var 14 år. Sjølv om tankane på den tida nok var meir prega av blod og spyd og kjærleik og dramatikk, enn brun saus og barndoms sundagar.

Når det er sagt skriv eg også på noko meir heilskapleg. Dvs. eg skriv vel ikkje på det. Men eg har det liggande. Og av og til tek eg det fram og kikar på det. Og stryk litt her og byttar ut eit ord der.