28. januar 2009

Kor interessant er du, eigentleg?

Det kviler noko magisk over minna våre.
Kanskje triggast dei av ein ørliten ting. Kanskje av ei strofe i eit dikt av Jon Fosse, som inneheld orda brun saus, fjord, radio, sundag, orgelmusikk. Og som får meg til å tenke på barndomens sundagar, i lett poetisert utgåve, ei samanblanding av hundre sundagar i ulike stover, og det som bitt alt saman er lukta av den brune sausen.

Det kviler noko magisk over minna våre.
Vi blir - hugsar du? i stadig større grad med åra. Vi høyrer ein låt, vi les ei bok, vi ser ein farge, eit plagg, vi kjenner ei lukt, vi drøymer ein draum. Og det kjennest så viktig. Dette som er så magisk for meg, må vel også vere magisk for alle andre? I det minste alle andre som meg? Iallfall alle som er i min generasjon?

Og til ein viss grad kan det vere det. Men det er ikkje utan grunn at debutantar får peppar for å ikkje ha noko å skrive om. Får peppar for å skrive oppvekstromanar, alle saman, nok ein barndom eller ungdom omgjort til skjønnlitteratur frå destillerte minne.

Kor interessant er du, eigentleg?

Sjølv stiller eg meg alltid det spørsmålet kvar gong noko triggar meg til å skrive ein tekst utifrå mine eigne magiske minne. Eg veit ikkje om eg er så interessant, eigentleg. Er du?

20 kommentarer:

ertestuing sa...

Dette tenker jeg ofte på. Også i går, da Marta Norheim omtalte "Steffen tar sin del av ansvaret" som en roman som inneholdt mye av det samme som annen norsk samtidslitteratur fra unge mennesker gjør: unge søkende mennesker. Ja vel. Og så? Tenkte jeg. Hun vil finne dem i min også, når den tid kommer. Noen unge og noen gamle. Men mest unge. Jeg vet ikke om det har noe med min alder å gjøre, men jeg tipper at jo, kanskje. Og jeg skal prøve å ikke fokusere på det som noe problem, for det er det jo ikke. Alt jeg skriver om er omtalt før i en eller annen roman eller novelle. Akkurat som den samme tonen er brukt millioner av ganger, på ulike vis, i ulike sanger. Om jeg er ung eller gammel, debutant eller erfaren håper jeg at jeg klarer å formidle noe om de samme gamle temaene - på MIN måte. Uten å være redd for hvor interessant jeg er. Det tenker jeg nok på ellers i livet, igrunn ;)

ertestuing sa...

En ting til, som det egentlige svaret på spørsmålet ditt:
Jeg vet ikke. Da faren min døde tenkte jeg; dette kan jeg da ikke skrive noe om, alle mister en far, hva er så spesielt med at min far dør, at jeg kan tillate meg å skrive om det? Men så: Kanskje nettopp derfor. Fordi vi alle opplever mange av de samme tingene blir det "uinteressante" interessant. Eller noe sånt.

Aina sa...

Ja, det er jo akkurat det.

Gjenkjenningsfaktoren speler ofte ei stor rolleg for lesaren. Og så kan ein jo stille seg spørsmålet: klarer eg å løfte dette ut av sin subjektive, kanskje trivielle samanheng og gjere det til noko allmenngyldig? Kanskje klarer ein nettopp det. Kanskje blir det også allmenngyldig i form av å vere subjektivt. Fordi vi alle er subjektive på litt same måte.

Eller?

ertestuing sa...

Ja nei ja. Vanskelig spørsmål det der. Jeg skriver ikke om noe som har skjedd meg selv nå, men det er klart jeg bruker mine egne 32 år gamle erfaringer, tanker og oppfatninger. Og hvor interessant blir det? Huffda. Jeg gir det et forsøk.

Aina sa...

Hehe. Ikkje meininga å gi deg vanskelege tankar, Monica! Det er berre eit spørsmål eg stiller meg sjølv ofte. Eit spørsmål eg har stilt meg sjølv i mange år.

Stå på, du! Gi det eit forsøk!

ertestuing sa...

Du gir meg ikke vanskelige tanker, jeg har de like mye selv. Stå på du også :)

Aina sa...

Det er bra. Vanskelege tankar er naturlege i ein prosess som den du er i no. Men kom over og forbi dei, ikkje gi deg, snart er du i mål!

Og takk. Eg prøver å stå på, men av og til er det noko slapt, må eg innrømme.

Lille søster sa...

Dette er et spørsmål det er grunn til å stille seg, ja. For det som er magisk for meg, er ikke nødvendigvis magisk for deg når du leser min beskrivelse av det som er magisk for meg (puh). Men likevel. Likevel er det hit man må gå for å finne det en skal skrive om. Til det som berører eller har berørt for lenge siden. Men det må omformes, bearbeides.
Uansett er det vanskelig å bedømme selv om det har relevans for andre. Man trenger andre lesere for å finne ut det, tror jeg.

Bai sa...

Eg har tenkt ein del på det innlegget ditt tidlegare, om Halgeir Langeland si oppskrift på ein bestselgar og om forskjell på vekting av handling og vekting av språk. Og når eg les dette innlegget tenker eg at i spørsmålet om minner er interessante for andre, er språket og måten dei blir fortalde på svært viktige. Kan hende er ikkje minnet ditt så spennande som sådan, kan hende er det skildringa av minnet ditt som gjer at eg liker å lese det du skriv? Eg veit ikkje.

heklehatt sa...

jeg tenker også JA! og med det mener jeg: ja, vi er interessante. alle sammen. på en veldig banal og klsjéaktig og vakker måte. Jeg mener: tenk så utrolig komplekse og forskjellige og like og fantastiske vi er. Tenk så UTROLIG mange minner vi har! Og som det ble nevnt lenger oppe i kommentarene her: det er klart mange har de samme minnene, det klart mye er sagt før. men jeg tror både bai og aina har rett i to ting, nemlig
1) det er noe med å løfte det ut, eller opp, la det passe i en kontekst der det blir interessant, og
2) måten man skriver om det på. HVa som helst kan jo bli spennende eller trist eller vakkert eller hva som helst hvis det gjøres på den riktige måten. det er jo en av grunnene til at det er så fint å lese bøker.

Aina sa...

Å, Bai, så herleg at du trur han heiter Halgeir Langeland. Eg let det stå uretta.

Eg trur både du og heklehatt er inne på noko. Samtidig tenker eg at der finst så innmari mykje å skrive om der ute, så korfor må vi alle ty til barndommen vår? Vi har då vel fantasi, vi òg?

heklehatt sa...

ja, sånn å forstå: det er et interessant spørsmål. Hvorfor så mye barndom? Jeg tror den sitter så innmari dypt i oss. Så fast. Den vil ikke slippe taket. i hvert fall i mange av oss. Men det er klart: vi kunne sikkert tjent mye på å bare kaste oss inn i fantasien (og litt paradoksalt: det er jo dét man gjør i barndommen..!). Noen av de aller beste leseropplevelsene mine er fra vill fantasi: Roald Dahl, for eksempel. Så spørsmålet er kanksje heller hvorfor man skriver - om det er fordi det er noe som sitter fast, noe man bare må ha ut eller jobbe med, eler om man bare kan leke seg, fabulere - eller begge deler.

Bai sa...

Det er ikkje første gong eg kjem med slike håplause namnebrølarar - eg sett stort sett saman namn på folk som det passar.

- Eigentleg veit eg jo forskjell på Henrik H. og Halgeir.

Aina sa...

Heklehatt:
Eg tenker litt slik at kanskje skal vi skrive av oss barndomen før vi prøver å bli forfattarar, for å kunne gå vidare og skrive om viktigare ting? Ikkje slik å forstå at barndom er uviktig, men akkurat min sjølvbiografiske barndom er ikkje nødvendigvis så veldig interessant, han er sikkert ganske gjennomsnittleg.

Men det å ha minne frå ein barndom og ei ungdomstid vil jo gjere oss i stand til å skrive om veldig mykje på ein truverdig og realistisk måte, og det finst jo mange element der ein kan bruke i andre tekstar. Som ikkje nødvendigvis treng å handle om eit "eg" som føler noko er veldig vanskeleg akkurat no.

Noko av det eg skriv på no handlar om eit barn på 50-talet, og eg kjenner at eg ved å skrive om dette barnet både får brukt min eigen barndom, mamma sin barndom og bestemor sin barndom. Og at det er veldig fint.

Bai:
Det var frykteleg morosamt på ein veldig søt måte. Og så Halgeir, då! det er jo ikkje det vanlegaste austlandsnamnet heller, for å seie det slik. Det aner meg at du er vestlending?

haustljos sa...

Eg trur det nære og gjenkjennelege er det einaste eigentleg interessante. Alt anna vekker berre nyfike for det "eksotiske".

Men ein roman er meir og anna enn tema, og her kan ein jo diskutere kor spenstige debtutantane sine bøker (og annan notidig, norsk skjønnlitteratur) er. Me løfter på augnebrynet av amerikanarane sin vilje til å vere monumentale og episke, me smiler litt skeivt av russarane som blandar surrealisme i sine ordrike og intellektuelle mursteinar, og tenker kan hende at "dette går an for dei, men for meg er det nok greiast om eg held meg til noko kortfatta og realistisk.

Eg trur alle "eksotiske" bøkene eg har lese, frå Silke til The Fionavar Tapestry (for å finne ytterpunkta; Silke er realistisk, særdeles kortfatta og lyrisk, Fionavar ein massiv trebands fantasyroman) utelukkande gjorde seg vedkomande gjennom å vere nære og gjenkjennelege.

Men eg treng variasjon i lengde, form, forteljarstemme, måte å bygge opp forteljinar på, - ellers blir eg på eit vis litterært forstoppa.

Barndom i bunkevis er ikkje keisamt, om dei blir fortalt på stadig nye måtar.

Avil sa...

Åh!

"dette går an for dei, men for meg er det nok greiast om eg held meg til noko kortfatta og realistisk.

-> må avsluttast med gåseauge.

(augene mine, augene mine!)

Bai sa...

Eg er vestlending ja. Halgeir Langeland er han SV-politikaren, så han finnst han også. Dei begynner på H og har same etternamn begge to. For meg blir det litt komisk fordi dei ikkje er i nærleiken av å likne kvarandre.

Aina sa...

Haha, nettopp. Og har jo også ein H. som mellomnamn. Då var det ikkje så rart likevel.

Bai sa...

Det var i alle fall ikkje bare eit vilkårleg namn, men dei to er jo ikkje akkurat like, då.

Når eg les denne diskusjonen får eg litt assosiasjonar til diskusjonane omkring bøker som "Amtmandens Døtre" av Camilla Collett, "Jenny" av Sigrid Undset og "Alberte-trilogien" av Cora Sandel. Fleire av dei eldre feministane, dei som har innført kvinnelitteraturkanon, er lite begeistra for folk som peikar på dei biografiske aspekta i desse romanane, fordi det "reduserte dei" frå å vere manifest om kvinner i ei vanskeleg tid til biografiske skildringar. Eg har aldri skjønt denne argumentasjonen. Det at ein tekst har biografiske trekk eller trekk frå eigen barndom, treng ikkje vere noko som reduserar teksten og tek vekk andre tekstlege verdiar. Desse romanane over er jo framleis like viktige i eit kvinnehistorisk perspektiv, sjølv om ein seier at dei har klare parallellar til forfattarbiografien. Og det er mange oppvekstskildringar som har andre viktige trekk, sjølv om ein ser parallellane til forfattarbiografien. Det er vel ingen som har sagt at det som er skrive bare er barndomsskildring sjølv om ramma rundt forteljinga er barndomsskildring?

Samtidig kjenner eg at eg har lese mi dose romanar om gutungar som var unge på 80-talet, for ei stund framover.

Aina sa...

Det er ikkje eit problem i seg sjølv at skjønnlitteraturen er sjølvbiografisk. Det kan jo vere eit både spennande og interessant element, det.¨

Men det er ikkje nokon vits i - slik eg ser det - å skrive nett den same boka om og om igjen. Her må vi utfordre oss sjølve litt, tenker eg!