14. februar 2009

Kjærleiksbrev frå Flamme

Eg har aldri vore ein søkker for amerikanske merkedagar som Halloween eller Valentines Day, men det var no hyggeleg, likevel, å få den nye Flamme-singelen i postkassa nett i dag: John Keats, Brev til Fanny Brawne, gjendikta av Nils-Øivind Haagensen.

Men eg må innrømme eg er bittelitt skuffa over at vi trufaste singelklubb-medlemmar ikkje fekk kjærleik på pinne, vi òg.

Så eg feirar denne heilagaste av alle heilage amerikanske heilagdagar med denne vakre kjærleiksfarga boka fylt av inderlege kjærleiksbrev skrivne så tidleg som i 1820 av den engelske poeten John Keats (1795-1821):

Min skjønne kjære, jeg skal vente tålmodig på i morgen når jeg kan treffe deg igjen, og i mellomtida, om det skulle være behov for det, forsikre deg om din Skjønnhet, og at hver gang jeg har skrevet om et ubehagelig tema har det alltid vært med din velferd i tankene.

Sukk.
God kjærleiksdag, alle saman!

1 kommentar:

Anonym sa...

Har akkurat lest Kvinnen fra månen av Milena Agus, og hun innleder med følgende sitat sagt av en soldat i filmen Den tynne røde linjen:

"Dersom jeg aldri skulle møte deg, la meg i det minste føle savnet."