6. juni 2009

Artige Agnes II

No er essaya til Agnes Ravatn, opphavleg trykte i vekeavisa Dag og Tid, komne i bokform på Samlaget, under tittelen: Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå.

Her oppsøker unge Ravatn "stadar der ingenting skjer", som den dauaste kafeen i den nedlagte gågata i Ålesund, eit kloster ein stad (der ho ytrar den famøse kommentaren om den drektige klosterkatten: "Oh yes, is she expecting mittens?" Tusen takk grunnfag i engelsk, som eg har flirt av både i tide og utide), beibikino på føremiddagen, kafeteriaen på Rikshospitalet, Bergensbanen, to identiske ex.phil-førelesingar, kjøpesenteret i Haugesund, m.v.

Eg har tidlegare skrive om desse morosame stillstandsrapportane og kor godt eg har likt dei i Dag og Tid, og eg liker dei ikkje mindre no, som dei er komne i bokform. Når det gjeld lesinga av desse, vil eg seie dei passar best til å lesast med litt mellomrom mellom kvar tekst, kanskje ikkje alle i ein jafs, sjølv om det går fint med eit par-tre i gongen. Observasjonane til Agnes Ravatn er gode, vittige, ho har eit godt språk, ein fin ironi, ein endå finare sjølvironi og generelt ein intelligent humor som treffer iallfall denne lesaren.

Og no spør du deg kanskje, kjære lesar: Men ho der Aina, kjenner ikkje ho Agnes Ravatn, då? Er ikkje denne omtalen litt vel inhabil? Jau, kanskje. Men hadde eg ikkje likt det ville eg jo ikkje skrive det. Og det er ein grunn til at eg liker å gå på fest med Agnes, og at eg kjem heim med vondt i magen etterpå. Ho er rett og slett morosam.

5 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Det fremgår tydelig av debutboken hennes at hun har et humoristisk talent. Må lese denne essaysamlingen (kanskje jeg skal spørre Samlaget om å få den ...)

Aina sa...

Etter mi meining er korttekstane hennar endå meir morosame enn romanen, og du likte jo den godt, kan eg hugse. Spør Samlaget om eit omtale-eksemplar, du!

Ståle sa...

Jeg kan jo ta en kikk i biblioteket og snuse på om dette er noe for meg. Har ikke lest noe av henne noen gang, jeg. Og det burde jeg kanskje ha gjort. Beskrivelsen din av iaktagelsene hennes frister iaffal.

Aina sa...

Eg diggar humoren, iallfall!

Monica sa...

Hun høres så klok og kul ut!