etter regn svarte berg
sneglen, mjuk under grøne blad
kjenner væte
Paal-Helge Haugen: Anne (1968)
31. oktober 2007
I den drivande vinteren står alle husa med attletne
dører. Dei brune veggene er lågare, og inne i halv-
mørkret snur dyra seg tungt.
Ein lauvtynn måne viser seg tidleg,
naken gjennom bleik luft.
Om kvelden er golvet kaldt under føtene.
Kvar natt sove med blanke ufattelege draumar.
Kvar morgon drukne i kaldt og kvitt.
Små barn går med stutte steg i snøen. Dei høyrer det
knest i treet, og står lenge stille.
Stundom kjem blåkledde kvinner på dei tilfokne
vegane. Dei talar lågt saman, og pustar kvit skodd
ut av munnen.

30. oktober 2007
Forbrytargeniet
Med neglefil og visakort brøt forfatteren Anne B. Ragde seg i helgen inn i Litteraturhuset, der en gigantisk collage med 36 norske forfattere henger. På kunstverket limte hun ikke mindre enn sju tegninger av seg selv.
Adressa, 29.10.2007
Jepp. Det skal eg også gjere når eg blir forfattar.
Adressa, 29.10.2007
Jepp. Det skal eg også gjere når eg blir forfattar.
Forfattaridola
Tenkte nettopp følgjande tanke:
Alle kan ikkje vere Virginia Woolf, men vi kan jo prøve.
Så slo det meg at dei eg ser aller mest opp til litterært er desse:
Virginia Woolf og Sigrid Undset.
Kven er dine forfattaridol?
Alle kan ikkje vere Virginia Woolf, men vi kan jo prøve.
Så slo det meg at dei eg ser aller mest opp til litterært er desse:
Virginia Woolf og Sigrid Undset.
Kven er dine forfattaridol?
Det første møtet

Det gjekk over all forventning. Eg sit att med ei skikkeleg god kjensle av at dette er bra, rett, godt. Eg fekk mange godord og konstruktiv kritikk.
Lanseringsdatoen er sett til 15. august, så framt ingenting uforutsett skulle hende. Eg har no fire-fem månadar på meg til å gjere manuset heilt klart, før det skal til språkvask, og deretter setting og trykking.
Omslaget er noko av det eg er mest spent på. Det er ikkje i mine hender, sjølv om eg vel har litt eg skulle sagt. Det kjem til å bli noko heilt spesielt å få si eiga bok i hand for første gong.
Første post på programmet er no å skrive ferdig eit nytt utkast og sende dette til redaktøren. Eg kjenner meg full av skrivelyst og pågangsmot, og gler meg over mulegheita til å finpusse og forbetre teksten. Heldigvis er det ikkje mykje som må gjerast, så det blir mest flikking og pussing.
Eg må også byrje å tenke på tittel. Arbeidstittelen var ikkje spenstig nok, så her må hjernen vridast endå litt. Tittel er noko av det mest vanskelege, synest eg. Ein god tittel bør vere fengande, bør avspegle temaet, handlinga, og famne hovudpoenga - alt på ein gong. Eg er ikkje så god på titlar. Iallfall ikkje når det verkeleg gjeld.
Eg vil finne ein tittel som viser at lesaren står overfor ein historisk roman, ein roman som er spennande, litt skummel, men som også er fin.
Gode tips til titteltenking mottakast med djupfølt takk!
Og ja. Eg er verkeleg lykkeleg.
28. oktober 2007
Site Meter
No har eg også fått tellar i bloggen.
Kan jo ikkje vere den einaste som ikkje registrerar besøkstala, må vite!
Skulle eigentleg ønske eg hadde skjønt korleis ein gjorde dette før, bloggen har jo allereie eksistert i over to år, men betre seint enn aldri.

27. oktober 2007
Edmund Austigard i postkassa og bokteltet
Sommarleg Austigard
I dag var eg innom Bok i (Oslo) sentrum.
Eg kom midt mellom to arrangement, så det blei til at eg kun såg siste tre minutta av innslaget i Saras telt, der mellom andre Ebba Haslund og Edmund Austigard hadde vorte intervjua. Eg fekk ikkje med meg sjølve pratinga, men kom tidsnok til å høyre siste del av det musikalske innslaget, som Edmund Austigard andektig lytta til med lukka auge, og Ebba Haslund nikka det søte, kvithåra hovudet i takt til, tydeleg nøgd.
Eg såg Edmund Austigard etterpå. Han stod og snakka med ei ung kvinne, smilande, verka sympatisk. Eg visste at eg skal lese den nye boka hans snart. Eg tenkte på det medan eg betrakta han. Eg tenkte på at eg skal gi ut bok på same forlag som han, på at vi kanskje kjem til å helse på kvarandre ein dag om ikkje altfor lenge.
Eg såg også Margit Walsø, forlagssjef i Samlaget og forfattar. Henne kjem eg også til å helse på (igjen), men då eg gjekk forbi henne i teltet, møttest ikkje blikka våre, og ho visste ikkje kven eg var. Kanskje kjem eg til å vere ein av debutantane som deltek på Bok i sentrum neste haust. Slike tankar gjorde eg meg, der eg tusla rundt mellom bokstablane. Etterpå gjekk eg innom Paleet og såg på alle dei dyre butikkane. Eg har allereie bestemt meg for at eg skal kjøpe ein flott kjole til lanseringsfesten min. Ein kjole eg elles ikkje ville tatt meg råd til. Kanskje frå ein av butikkane i Paleet.
Då eg kom heim låg Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu i postkassa. Akkurat no ligg ho på salongbordet mitt. Eg har skrive namnet mitt heilt fremst. Snart skal eg opne henne og byrje å lese.

26. oktober 2007
Bok i sentrum

Bokklubben reklamerar med at publikum får møte 150 forfattarar og at dei har 100 arrangement på 4 dagar.
Eg var der i fjor. Då fekk eg mellom anna med meg eit morosamt scrabble-spel mellom Helene Uri og Knut Nærum, og ei boksignering av Erik Fosnes Hansen. Eg får vel ta meg ein tur i år også. Kanskje i morgon eller søndag, eller begge dagane. Det kan jo vere morosamt å berre gå rundt og kike. Her er programmet, om du skulle vere interessert. Ein del av arrangementa blir også sendt direkte på NRK.
25. oktober 2007
Å vasse motstraums
For lange setningar
Det går trått med lesinga for tida.
Eg har to bøker som har lege i veska og på nattbordet i lange tider, og framgangen er ikkje noko å skryte av. Korfor går det så treigt med desse bøkene? Eg las då ut Fru Marta Oulie (riktignok ei tynn bok) på nokre få dagar?
Den eine boka er ein krimroman av ei av mine favorittforfattarar i gullalderkrim-sjangeren, nemleg The Five Red Herrings av Dorothy L. Sayers. Eg plar like bøkene hennar. Dei fleste. Men denne går det altså unormalt trått med. Korfor det?
Eg kan oppsummere mine innvendingar i følgjande punkt:
1. Boka har for mykje dialog skrive i skotsk dialekt
2. Boka brukar for mykje tal (som togtider)
3. Boka har for mange "like" personar og for mange namn
Det er altså ikkje sjølve brotsverket, mordet, det er noko i vegen med, ei heller hovudpersonen og meisterdetektiven Lord Peter, men omstendene rundt mordet og vegen mot oppklaringa.
Den andre boka er Dag Solstads Roman 1987, av mange rekna for å vere den beste boka Solstad har skrive. Eg plar like Solstad. Eg plar tole dei omstendelege utgreiingane om dette og hint, og dei lange setningane som liksom kronglar seg nedetter ei side og fortset på neste. Korfor fungerar det ikkje på same vis med denne boka? Er eg kanskje lei av Dag Solstad?
Her er mine innvendingar:
1. Språket er ikkje godt nok, setningane for lange. Døme: Ei setning strekte seg over 17 linjer. Sytten! Det er ikkje godt nok, Solstad.
2. Boka handlar om sport (geisp)
3. Der er for mange tal i boka (som skøytetider)
Det er nemleg ikkje det at eg ikkje likar den unge hovudpersonen og nybakte journalisten, til forveksling lik mange av Solstad sine øvrige karakterar. Det er heller ikkje det at eg har noko imot temaet for boka; Lillehammer på sekstitalet og ein ung manns veg inn i vaksenlivet (så langt, kva som kjem etter side femti veit eg jo ikkje).
Det er det Solstad har tillatt seg som trekk ned, der han utbroderar og ikkje veit å kutte.
Kva er det som kan hindre deg i å lese ut ei bok? Kan ein seie noko generelt om det? For min del er dårleg språk ofte ei hindring, dessutan tema eg finn keisame, som sport, utanrikspolitikk, CIA, for mykje action, for mykje kliss og for mange overnaturlege fenomen.

24. oktober 2007
Apropos lese-eksemplar

Det er visst ein farsott dette, å nytte oss litteraturbloggarar som bokmeldarar på denne måten. Og det er heilt i orden for meg. Køyr på! Send gjerne fleire! Eg les gjerne.
Og som mine faste lesarar veit, kan eg stundom vere brutalt ærleg, så dette kan gå begge vegar.
Når det gjeld Edmund Austigard, så har eg debutboka hans Krinsereglane i bokhylla, foreløpig ulesen, men eg har høyrt gode ting, så ho skal lesast, ho òg.
Men kva synest de andre om denne praksisen? Er det ok at forlaga og forfattarane freistar nytte bloggane som gratisreklame?
23. oktober 2007
Nynorsk på sitt beste:
"Alle spyr etter saft frå Lerum"
Saftreklame i Sogn og Fjordane då eg var barn.
Trøysta

Endeleg kom boka til neste lesesirkelmøte, Fru Marta Oulie, av Sigrid Undset. Eg har allereie lese halve boka, og må seie at eg er mektig imponert. Fru Marta Oulie er skriven i dagboksform, og byrjar med dei berømte orda:
"Jeg har vært min mann utro"
noko ein skulle tru var eit ganske brennbart tema for hundre år sidan, då boka kom ut. Boka inneheld fine skildringar av forholdet mellom Marta og det som blir ektemannen Otto, og for oss som er opptatt av Oslohistorie, er det morosamt å høyre utsikta frå Grefsen skildra som grøne marker som strekker seg nedover mot byen.

Noko å kose seg med når ein må ligge på sofaen og keie seg.
18. oktober 2007
Mine litterære heltar

1. Miss Marple: Agathas Christie sylskarpe gamle pusekatt Miss Marple er ein av mine absolutt største litterære heltar. Ho strikkar rosa babytepper i fluffy garn, stiller nysgjerrige gamledame-spørsmål og løyser dei mest intrikate brotsverk før formiddagsteen. Ei skikkeleg dame, og ein knakande god detektiv.
2. Anne fra Bjørkely: Eg elskar bøkene om adoptivbarnet Anne, klossete, sta og temperamentsfulle Anne, som kjem til Avonlea på Prince Edwards Island i Canada på byrjinga av 1900-talet, som drøymer seg vekk, og fantaserar om ein dag å bli forfattar. "Anne with an E" er ei skjønn, snill og rampete jente, som alltid hamnar i all slags trøbbel, men har eit hjarte av gull.
3. Ask Burlefot: Lenge var Sangen om den røde rubin mi desiderte favorittbok, tett fulgt av Lasso rundt fru Luna. Begge desse fortel historia om den unge Ask og hans møte med vaksenlivet, politikken, det motsette kjønn og kjærleiken. En vadefuglaktig mann, som lenge var den mest sympatiske av mine fiksjonelle kjenningar.
Vidare taggar eg Leselama, Tehme Melck og Bharfot.
17. oktober 2007
Lykkerusen
Dei fleste har vel fått med seg at eg liker å skrive, og at eg har vore på skrivekurs i sommar.
Dei fleste har vel då tenkt seg at dette kan bety at eg også har skjønnlitterære vyar, noko dei i så fall har hatt fullstendig rett i.
Å bli forfattar er noko eg har drøymt om sidan eg var ei lita jente, kanskje heilt sidan eg skreiv mine første noveller som niåring.
Og no har draumen gått i oppfylling.
I dag blei eg oppringt av forlaget. Manuset mitt skal bli bok.
Manuset mitt er antatt.
Eg skal bli haustdebutant 2008 på Det Norske Samlaget
med ein historisk roman for ungdom.
Kjensla inni meg er ikkje til å skildre.
Du kan vel tenke deg sjølv
kor glad eg er no.
Kor deileg det kjennest inni meg
akkurat no.

16. oktober 2007
Skotsk halvemål
Eg er frå ei lita øy på vestlandskysten, og då eg gjekk på vidaregåande skreiv eg særemne om dialekta mi. Noko av det eg fann ut, var at oldemora mi snakka noko mor mi kalla halvemål, som var vanleg der ute i tidlegare tider. Halvemål var, for å seie det enkelt, at h-ar blei lagt til der ingen h-ar skulle vere, medan dei forsvann der dei skulle vere. Til dømes slik som dette:
"´anj H´ola"
som altså betyr "han Ola".
Interessant nok er dette tydelegvis også eit fenomen i skotsk. Iallfall var det det i 1931, då Dorothy L. Sayers skreiv The Five Red Herrings. Her er eit morosamt døme:
The Inspector opened his notebook.
"Your name is Halcock, is´t no?" he began.
The butler corrected him.
"H´alcock," he said, reprovingly.
"H, a, double-l?" suggested the Inspector.
"There is no h´aitch in the name, young man. H´ay is the first letter, and there is h´only one h´ell."
"I beg your pardon," said the Inspector.
"Granted," said Mr. Alcock.
"Weel, noo, Mr. Alcock, juist a pure formality, ye understand, whit time did Mr. Gowan leave Kirkudbright on Monday nicht?"
"It would be shortly after h´eight."
"Whae drove him?"
"Hammond, the chauffeur."
"Ammond?" said the Inspector.
"Hammond," said the butler, with dignity.
"H´albert Hammond is his name - with a h´aitch."
Utdrag frå side 128 i utgåva frå 1980.

15. oktober 2007
Eg oppdaterer

Vel.
I veska har eg Dag Solstads Roman 1987, som etter ein noko treig start, har byrja å få denne varme lunheita Solstad er ekspert på, spesielt når han skildrar unge menn på 1960-talet. Ein del gullkorn, også, eg skal forsøke å luke ut nokre etterkvart og få dei med her i bloggen.
På nattbordet ligg to krimromanar av eldre årgang:
Den aller første boka om Sherlock Holmes, A Study in Scarlet, ligg framleis pent og pynteleg og ventar på å bli lesen, medan The Five Red Herrings får bokmerket plassert stadig lenger bak, ettersom lesaren har byrja bli litt stødigare i skriftleg- munnleg skotsk.
I postkassa dumpar as we speak neste lesesirkelbok, Fru Marta Oulie, som eg skal kome nærare tilbake til når ho er lesen, og som er Sigrid Undsets korte debutroman utgitt for nøyaktig 100 år sidan denne hausten, i 1907.
I tillegg har eg tenkt å låne Det er noen mennesker her av Oddmund F. J. Vaagsholm, etter å ha blitt nysgjerrig og inspirert av dette blogginnlegget.
Deretter ventar Mesteren og Margarita, som skal vere klar til å diskuterast 23. november i endå eit lesesirkelmøte. Og kva gjeld julelektyren, så har eg så smått byrja å tenke litt på det også. Kanskje kunne det vere hyggeleg med eit gjensyn med gamle bøker som står i bokhylla mi der heime? Som t.d. bøkene om Anne fra Bjørkely som vaksen? Tida vil vise.
Men eg gler meg allereie til jul, og utvelging av julelektyre er noko av det aller mest koselege å tenke på i forkant. Dersom eg vél ut den rette boka, blir dei lange kveldane og morgonane under ei varm dyne med ruskevêr utanfor vindauget endå koselegare.
14. oktober 2007
Tekst vs. regi

Dette er aktuelle spørsmål i kjølvatnet av denne helgas oppsetjing av Marit Kaldhols Sommarfuglhonning på Det Norske Teatret, som ein del av Norsk Dramatikkfestival/ Samtidsfestivalen.
Stykket handlar tekstleg sett om ei kvinne som kjem tilbake til barndomsheimen etter mora sin død, og etter kvart innser at forholdet mellom henne og mora ikkje var eit godt forhold, men eit incestuøst overgrepsforhold. Etter bearbeiding for scena er imidlartid denne historia endra, til å bli ei historie om Natascha Kampusch og ein kidnappar som kler seg ut som mor og som har ei slags dobbeltrolle overfor den kidnappa jenta; på den eine sida som seg sjølv, altså ein mannleg kidnappar, og på den andre sida "mor" i eit forskrudd rollespel.
Dramatikaren sjølv sa at den kanskje største forskjellen mellom hennar tekst og den sceninske framstillinga, er grunnstemninga. Der teksten hennar er stille, er den sceniske framstillinga støyande. Ho sa at ein må rekne med at teksten blir endra når ein leverar han frå seg på denne måten, men at ho nok hadde venta og håpt at han i større grad ville blitt behaldt slik ho skreiv han og i tråd med det ho sjølv såg for seg medan ho skreiv stykket. Konklusjonen i debatten etterpå synest å vere at dersom ein skal gjere så dramatiske endringar med ein debuterande dramatikar sin tekst, bør der også vere anten ei opplesing av teksten som kontrast, eller to ulike oppsetjingar - ei som følgjer teksten, og ei som ein kontrasterande adapsjon.
Interessante spørsmål. Eg skulle gjerne likt å høyre/ lese/ sjå stykket slik det var skrive.
Elles blei det referert til denne bloggen under intervjuet med Marit Kaldhol etter framsyninga. Intervjuaren hadde tydelegvis googla litt og kome over diskusjonane her i bloggen. Det er alltid morosamt å bli lesen!
12. oktober 2007
Syklisk historie
Verdas eldste veggmaleri, ca. 9000 f.Kr.
Kunsten går i bølgjer.
Utviklar vi oss mot ei større grad av enkelheit, mot stilartar som var i vinden for 11 000 år sidan?
Kva er eigentleg modernisme?
Og kan vi snakke om at utviklinga går framover?
Paul Klee, Ancient Sound

Utviklar vi oss mot ei større grad av enkelheit, mot stilartar som var i vinden for 11 000 år sidan?
Kva er eigentleg modernisme?
Og kan vi snakke om at utviklinga går framover?
Paul Klee, Ancient Sound

Lauvblåsaren
frå den varme innsida
av bussen ser eg
ein mann gå langs ein gråsvart
glatt
granittvegg med eit rør
i handa det bles luft på
lauvet virvlar gult brunt lydlaust
frå innsida
av bussen ser eg
ein mann gå langs ein gråsvart
glatt
granittvegg med eit rør
i handa det bles luft på
lauvet virvlar gult brunt lydlaust
frå innsida
10. oktober 2007
Fabelaktig feelgood-film

Filmen er bygd på ein musikal, og handlar om ungjenta Tracy, som elskar å danse, og som har ein stor draum: Nemleg å bli ein av dei kule ungdommane som dansar på The Corny Collins Show på lokalfjernsynet. John Travolta spelar den overvektige, men lettbeinte mor hennar, og Christopher Walken er faren. Andre kjende stjerner som Michelle Pfeiffer figurerar også i filmen, og hovudrolleinnehavaren er veldig søt og blid og sympatisk.
Dette er ein film for regnvêrsdagar, eller for dagar der du berre føler for å vere glad, å trampe foten i takt med den groovy soulmusikken og ha lyst til å danse. Ein film ein smiler seg gjennom, og som gjer livet bittelitt lettare å leve.
8. oktober 2007
Eg les, altså ser eg (ganske godt)
Ein noko bebrilla forfattar
Eg gjennomgår eit litterært hamskifte, eller det var kanskje å overdrive ein smule, det eg meiner er vel helst at eg har gjort meg ferdig med ei bok og byrja på ei ny.
Eg las i går ut den fjerde boka om litteraturdetektiv og Jurisfiction-agent Thursday Next, som på oppfinnsomt vis klarer å redde verda og sitt eige (og gjerne andres) liv kvar bidige gong. Mot slutten. Når du trur at dette aldri kan gå bra (men inst inne veit at det gjer det). Denne gongen var det ein megalomanisk fiksjonsfigur som går amok i den verkelege verda og forsøker seg på verdsdominans ho måtte hamle opp med. Samtidig er Hamlet i fullt opprør, Ophelia og nokre av dei andre karakterane gjer mytteri når hovudpersonen sjølv er på besøk i den verkelege verda, og Thursday Next må også her ordne opp. Fornøyeleg lesing. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Les Jasper Fforde!
Etter å ha sett Something Rotten tilbake i hylla igjen, tok eg eit overblikk over dei ulesne bøkene eg har ståande. Eg klarte ikkje å bestemme meg umiddelbart. Først tenkte eg på Til jeg finner deg av John Irving, som eg har hatt planar om å lese lenge. Eg opna boka, sjekka omtrent kor lang ho er - minst 750 sider - las første side, og sette boka tilbake igjen. Eg var definitivt ikkje klar for 750 sider (minst) med snakkesalig amerikansk historieforteljing. Ikkje no, som eg allereie har ei anna bok på nattbordet, og endå ei som snart dumpar ned i postkassa mi og skal lesast innan 29. oktobers lesesirkelmøte.
Eg let blikket gli over hyllene. På øvste: Jon Fosse - Det er Ales, Haruki Murakami - Kafka på stranden, Sylvia Plath - Glassklokken, Fjodor Dostojevskij - Forbrytelse og straff. Men nei.
Ei hylle lenger nede: Oscar Wildes heis av Lars Saabye Christensen, Ivan Iljitsj død og Krig og fred av Lev Tolstoj. Eg las dei første sidene i den relativt korte Ivan Iljitsj død, men nei, ikkje den heller. Så falt blikket mitt på ei knall lilla bok eg kjøpte for nokre månadar sidan på eit antikvariat: Roman 1987 av Dag Solstad. Ja!, tenkte eg. Den vil eg lese.
Boka byrjar som så mange andre av Solstads bøker, med ein ung mann som stig av toget på ein ny perrong i ein ny by, og er i ferd med å ta fatt på ein ny epoke i sitt liv. Ein epokegjerande epoke, kan eg tenke meg. Og som så mange andre av Solstads protagonistar har han sosialistisk bakgrunn og er til forveksling lik forfattaren sjølv.
Den andre boka eg les i, er Dorothy L. Sayers´ The Five Red Herrings, som det går noko treigt med. Dette skuldast hovudsakleg at eg les boka på originalspråket, og at Sayers har skrive halvparten av dialogen i eit munnleg skotsk.
Ikkje heilt enkelt, det der.

5. oktober 2007
Kven var eigentleg Fjodor Dostojevskij?
Mennesket er et vesen som venner seg til alt, det tror jeg er den beste definisjonen på det.
- Fjodor Dostojevskij
Etter den interessante kommentaren frå krighistorieentusiast og tidlegare medstudent MNO på førre innlegg, måtte eg lese den tilsynelatande etterrettelege og utfyllande Wikipedia-artikkelen om den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij. Og her er det eg i korte trekk fann ut:
Fjodor Dostojevskij (1821-1888) vert ofte rekna som eksistensialismens far.
Dostojevskij utviklet den realistiske roman til også å undersøke menneskets psykologi, og da spesielt mennesker som går gjennom store sinnslidelser. Han var opptatt av den slaviske idé og av kristendommen; en av de viktigste tesene hans var «om Gud er død, er alt tillatt.»
Han var fødd inn i fattige, adelege kår og vart seinare fengsla for medverknad til revolusjonær aktivitet. Forfattarskapen hans kan delast inn i tre: Den første perioden er dei to romanane og fortellingane han skreiv før han blei arrestert og sendt til Sibir, med debuten Fattige folk, som fekk svært god mottaking og gav lovnadar om eit stort forfattarskap. Den andre perioden er tida etter Sibir, då han forlet Russland i eit sjølvpålagt eksil. Det er i den siste perioden at storverka som Forbrytelse og straff, Idioten og Brødrene Karamasov kjem til. Gjennom alle tre periodane er det menneskets og forbrytarens psykologi som er hovudtema for forfattarskapen hans.
Og no har eg fått meir lyst til å lese Forbrytelse og straff.

3. oktober 2007
Den usikre leselista
Tung & traurig?
Under følgjer ei liste over bøker eg er skeptisk innstilt til å lese, men som eg likevel har på leselista. Grunnane til at eg er skeptisk kan vere så mange: Eg fryktar at boka skal vere for tung, for lang, for keisam, for banal, for lett, for dum, eller for traurig. Kva syns du eigentleg om desse bøkene?
Fjodor Dostojevskij: Forbrytelse og straff
Luther Blissett: Q
Per Olov Enquist: Kaptein Nemos bibliotek
Thorvald Steen: Konstantinopel
Lars Saabye Christensen: Maskeblomstfamilien
A.S. Byatt: Besettelse
John Irving: Sirkusbarn
D.H. Lawrence: Sønner og elskere
Erik Fosnes Hansen: Falketårnet
Carlos Ruiz Zafón: Vindens skygge
Karl Ove Knausgård: En tid for alt
Amy Tan: Beindoktorens datter
Jung Chang: Ville svaner
Simon Stranger: Den veven av hendelser vi kaller verden
Marcel Proust: På sporet av den tapte tid
James Joyce: Ulysses
Olaug Nilssen: Få meg på, for faen
Paul Auster: Illusjonenes bok

På den kulturelle agendaen
Eg er vinden
Som eg tidlegare har skrive, skal eg på to kjekke kulturelle arrange-ment i den næraste framtida, nemleg på opninga av Litteraturhuset førstkomande fredag, og på urpremiera av Sommarfuglhonning av Marit Kaldhol på Det Norske Teatret neste helg.
No har det også dukka opp to andre kulturelle arrangement eg skal delta på denne hausten.
Det første eg skal få med meg er Eg er vinden av Jon Fosse på Nationaltheatrets hovudscene mot slutten av oktober. Eg har høyrt mykje fint om Jon Fosse som dramatikar, men har aldri tidlegare sett stykka hans. Det skal difor bli spennande å sjå denne samtidsdramatikaren frå ei stor scene. Eg er vinden er opprinneleg eit tingingsverk frå Festspela i Bergen, men skal no spelast også i Oslo. Eg har tidlegare berre lese ei melding av dette teaterstykket, nemleg denne i Dag og Tid i juni i år. Meldaren Kaj Skagen er skeptisk til stykket.
"Dette er langdrygt teater som lever på nåde av namnet til Fosse," skriv han.
"Det er mitt inntrykk at både forfattar og teaterfolk har lagt så stor vekt på forma at innhaldet har vorte forsømt."
Vi får sjå. Kanskje har ikkje eg same meininga som han.
Ein Pikenes Jens
Det andre er av atskilleg lettare kaliber og foregår strengt tatt ikkje om hausten, men i førjulstida. Penthouse Playboys vrikker julen inn er føre-stellinga, og eg gler meg minst like mykje til dette som til Fosse, om enn på ein litt annan måte.
Eg har tidlegare skrive om Jens Pikenes aka Kjetil Rollness at han er for menn det Christine Koht er for kvinner, og at artistnamnet Jens Pikenes er eitt av dei aller beste scenenamna og ordspela eg veit om. Og i år er det sukkersøte Tone Damli Aaberge som skal vere gjest.
Ein førjulstradisjon i hovudstaden, altså, og første gong for min del. Eg gler meg.

No har det også dukka opp to andre kulturelle arrangement eg skal delta på denne hausten.
Det første eg skal få med meg er Eg er vinden av Jon Fosse på Nationaltheatrets hovudscene mot slutten av oktober. Eg har høyrt mykje fint om Jon Fosse som dramatikar, men har aldri tidlegare sett stykka hans. Det skal difor bli spennande å sjå denne samtidsdramatikaren frå ei stor scene. Eg er vinden er opprinneleg eit tingingsverk frå Festspela i Bergen, men skal no spelast også i Oslo. Eg har tidlegare berre lese ei melding av dette teaterstykket, nemleg denne i Dag og Tid i juni i år. Meldaren Kaj Skagen er skeptisk til stykket.
"Dette er langdrygt teater som lever på nåde av namnet til Fosse," skriv han.
"Det er mitt inntrykk at både forfattar og teaterfolk har lagt så stor vekt på forma at innhaldet har vorte forsømt."
Vi får sjå. Kanskje har ikkje eg same meininga som han.
Ein Pikenes Jens

Eg har tidlegare skrive om Jens Pikenes aka Kjetil Rollness at han er for menn det Christine Koht er for kvinner, og at artistnamnet Jens Pikenes er eitt av dei aller beste scenenamna og ordspela eg veit om. Og i år er det sukkersøte Tone Damli Aaberge som skal vere gjest.
Ein førjulstradisjon i hovudstaden, altså, og første gong for min del. Eg gler meg.
Etikettar:
Jon Fosse,
Kultur,
Litteratur,
Marit Kaldhol,
Teater
2. oktober 2007
A boy named Friday

Joffy reappeared from the garden with Friday, who, in common with most toddlers, didn´t see why adults couldn´t give aeroplane rides all day (...)
"Nostrud laboris nisi et commodo consequat," replied Friday with great indignation. "Excepteur sint cupidatat non proident!"
"Serves you right," I told him. "Here, have a cucumber sandwich."
"What did my grandson say?" asked my mother, staring at Friday, who was trying to eat the sandwich all in one and making a nauseating spectacle of himself.
"Oh, that´s just him jabbering away in Lorem Ipsum. He speaks nothing else (...) It´s dummy text used by the printing and typesetting industry to demonstrate layout. I don´t know where he picked it up. Comes from living inside books, I should imagine."
"I see," said my mother, not seeing at all.
Jasper Fforde: Something Rotten, s. 31-32 (2004)
Abonner på:
Innlegg (Atom)