8. oktober 2007

Eg les, altså ser eg (ganske godt)

Ein noko bebrilla forfattar
Eg gjennomgår eit litterært hamskifte, eller det var kanskje å overdrive ein smule, det eg meiner er vel helst at eg har gjort meg ferdig med ei bok og byrja på ei ny.

Eg las i går ut den fjerde boka om litteraturdetektiv og Jurisfiction-agent Thursday Next, som på oppfinnsomt vis klarer å redde verda og sitt eige (og gjerne andres) liv kvar bidige gong. Mot slutten. Når du trur at dette aldri kan gå bra (men inst inne veit at det gjer det). Denne gongen var det ein megalomanisk fiksjonsfigur som går amok i den verkelege verda og forsøker seg på verdsdominans ho måtte hamle opp med. Samtidig er Hamlet i fullt opprør, Ophelia og nokre av dei andre karakterane gjer mytteri når hovudpersonen sjølv er på besøk i den verkelege verda, og Thursday Next må også her ordne opp. Fornøyeleg lesing. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Les Jasper Fforde!

Etter å ha sett Something Rotten tilbake i hylla igjen, tok eg eit overblikk over dei ulesne bøkene eg har ståande. Eg klarte ikkje å bestemme meg umiddelbart. Først tenkte eg på Til jeg finner deg av John Irving, som eg har hatt planar om å lese lenge. Eg opna boka, sjekka omtrent kor lang ho er - minst 750 sider - las første side, og sette boka tilbake igjen. Eg var definitivt ikkje klar for 750 sider (minst) med snakkesalig amerikansk historieforteljing. Ikkje no, som eg allereie har ei anna bok på nattbordet, og endå ei som snart dumpar ned i postkassa mi og skal lesast innan 29. oktobers lesesirkelmøte.

Eg let blikket gli over hyllene. På øvste: Jon Fosse - Det er Ales, Haruki Murakami - Kafka på stranden, Sylvia Plath - Glassklokken, Fjodor Dostojevskij - Forbrytelse og straff. Men nei.
Ei hylle lenger nede: Oscar Wildes heis av Lars Saabye Christensen, Ivan Iljitsj død og Krig og fred av Lev Tolstoj. Eg las dei første sidene i den relativt korte Ivan Iljitsj død, men nei, ikkje den heller. Så falt blikket mitt på ei knall lilla bok eg kjøpte for nokre månadar sidan på eit antikvariat: Roman 1987 av Dag Solstad. Ja!, tenkte eg. Den vil eg lese.

Boka byrjar som så mange andre av Solstads bøker, med ein ung mann som stig av toget på ein ny perrong i ein ny by, og er i ferd med å ta fatt på ein ny epoke i sitt liv. Ein epokegjerande epoke, kan eg tenke meg. Og som så mange andre av Solstads protagonistar har han sosialistisk bakgrunn og er til forveksling lik forfattaren sjølv.

Den andre boka eg les i, er Dorothy L. Sayers´ The Five Red Herrings, som det går noko treigt med. Dette skuldast hovudsakleg at eg les boka på originalspråket, og at Sayers har skrive halvparten av dialogen i eit munnleg skotsk.
Ikkje heilt enkelt, det der.

3 kommentarer:

leselama sa...

At muntlig skotsk kan være en leseutfordring tror jeg så gjerne! ;-) Selv synes jeg gjerne muntlig framstilling i bøker kan være sjarmerende så lenge det ikke blir for "uleselig" i den forstand at det setter ned lesehastigheten så mye at handlingen tilnærmelsesvis stopper. At det blir for mye "form" og for lite "innhold" av det.

Ellers hadde du jo et fint lager av bøker å ta av der. Tenkte jeg selv snart skulle snuse litt på Murakami også. Han har jeg hittil ikke lest noe av, men det er jo så mange som absolutt og på det sterkeste anbefaler ham. Kanskje det er lurt å høre etter snart? ;-)

kristine sa...

Jeg er også litt mellom bøker. Lurte litt på Q av Luther Blisset, eller en større dose Undset. Tør ikke begynne på The Forth Bear, for jeg vil gjerne vite at jeg har noe ulest Fforde å se frem til.

Jeg slet litt med The Five Red Herrings og dialekten. Første gang jeg leste den var på flyet til Prestwich og det var litt gøy, for boka finner jo sted nettopp i Ayr-distriktet, sør for Glasgow hvor flyplassen ligger.

Aina sa...

Du veit at viss ein av oss byrjar på "Q", må den andre følgje etter? :)

Eg les den gjerne, men byrjar ikkje før etter Undset, og kanskje ikkje før etter "Mesteren og Margarita" heller.

Når det gjeld Murakami, har eg høyrt kun positivt, så det spørs om vi snart må høyre etter, ja.