3. oktober 2007

På den kulturelle agendaen

Eg er vinden
Som eg tidlegare har skrive, skal eg på to kjekke kulturelle arrange-ment i den næraste framtida, nemleg på opninga av Litteraturhuset førstkomande fredag, og på urpremiera av Sommarfuglhonning av Marit Kaldhol på Det Norske Teatret neste helg.

No har det også dukka opp to andre kulturelle arrangement eg skal delta på denne hausten.

Det første eg skal få med meg er Eg er vinden av Jon Fosse på Nationaltheatrets hovudscene mot slutten av oktober. Eg har høyrt mykje fint om Jon Fosse som dramatikar, men har aldri tidlegare sett stykka hans. Det skal difor bli spennande å sjå denne samtidsdramatikaren frå ei stor scene. Eg er vinden er opprinneleg eit tingingsverk frå Festspela i Bergen, men skal no spelast også i Oslo. Eg har tidlegare berre lese ei melding av dette teaterstykket, nemleg denne i Dag og Tid i juni i år. Meldaren Kaj Skagen er skeptisk til stykket.
"Dette er langdrygt teater som lever på nåde av namnet til Fosse," skriv han.
"Det er mitt inntrykk at både forfattar og teaterfolk har lagt så stor vekt på forma at innhaldet har vorte forsømt."
Vi får sjå. Kanskje har ikkje eg same meininga som han.

Ein Pikenes Jens
Det andre er av atskilleg lettare kaliber og foregår strengt tatt ikkje om hausten, men i førjulstida. Penthouse Playboys vrikker julen inn er føre-stellinga, og eg gler meg minst like mykje til dette som til Fosse, om enn på ein litt annan måte.

Eg har tidlegare skrive om Jens Pikenes aka Kjetil Rollness at han er for menn det Christine Koht er for kvinner, og at artistnamnet Jens Pikenes er eitt av dei aller beste scenenamna og ordspela eg veit om. Og i år er det sukkersøte Tone Damli Aaberge som skal vere gjest.

Ein førjulstradisjon i hovudstaden, altså, og første gong for min del. Eg gler meg.

2 kommentarer:

kristine sa...

Er det ikke gøy å ha interesser som sprer seg vidt?

Aina sa...

Jau, det må eg seie! Ein treng jo litt variasjon :)