
No har det også dukka opp to andre kulturelle arrangement eg skal delta på denne hausten.
Det første eg skal få med meg er Eg er vinden av Jon Fosse på Nationaltheatrets hovudscene mot slutten av oktober. Eg har høyrt mykje fint om Jon Fosse som dramatikar, men har aldri tidlegare sett stykka hans. Det skal difor bli spennande å sjå denne samtidsdramatikaren frå ei stor scene. Eg er vinden er opprinneleg eit tingingsverk frå Festspela i Bergen, men skal no spelast også i Oslo. Eg har tidlegare berre lese ei melding av dette teaterstykket, nemleg denne i Dag og Tid i juni i år. Meldaren Kaj Skagen er skeptisk til stykket.
"Dette er langdrygt teater som lever på nåde av namnet til Fosse," skriv han.
"Det er mitt inntrykk at både forfattar og teaterfolk har lagt så stor vekt på forma at innhaldet har vorte forsømt."
Vi får sjå. Kanskje har ikkje eg same meininga som han.
Ein Pikenes Jens

Eg har tidlegare skrive om Jens Pikenes aka Kjetil Rollness at han er for menn det Christine Koht er for kvinner, og at artistnamnet Jens Pikenes er eitt av dei aller beste scenenamna og ordspela eg veit om. Og i år er det sukkersøte Tone Damli Aaberge som skal vere gjest.
Ein førjulstradisjon i hovudstaden, altså, og første gong for min del. Eg gler meg.
2 kommentarer:
Er det ikke gøy å ha interesser som sprer seg vidt?
Jau, det må eg seie! Ein treng jo litt variasjon :)
Legg inn en kommentar