31. oktober 2007

I den drivande vinteren står alle husa med attletne
dører. Dei brune veggene er lågare, og inne i halv-
mørkret snur dyra seg tungt.
Ein lauvtynn måne viser seg tidleg,
naken gjennom bleik luft.
Om kvelden er golvet kaldt under føtene.
Kvar natt sove med blanke ufattelege draumar.
Kvar morgon drukne i kaldt og kvitt.

Små barn går med stutte steg i snøen. Dei høyrer det
knest i treet, og står lenge stille.
Stundom kjem blåkledde kvinner på dei tilfokne
vegane. Dei talar lågt saman, og pustar kvit skodd
ut av munnen.

Paal-Helge Haugen: Anne (1968)

Ingen kommentarer: