15. oktober 2007

Eg oppdaterer

om kva som skjer på lesefronten om dagen.
Vel.

I veska har eg Dag Solstads Roman 1987, som etter ein noko treig start, har byrja å få denne varme lunheita Solstad er ekspert på, spesielt når han skildrar unge menn på 1960-talet. Ein del gullkorn, også, eg skal forsøke å luke ut nokre etterkvart og få dei med her i bloggen.

På nattbordet ligg to krimromanar av eldre årgang:
Den aller første boka om Sherlock Holmes, A Study in Scarlet, ligg framleis pent og pynteleg og ventar på å bli lesen, medan The Five Red Herrings får bokmerket plassert stadig lenger bak, ettersom lesaren har byrja bli litt stødigare i skriftleg- munnleg skotsk.

I postkassa dumpar as we speak neste lesesirkelbok, Fru Marta Oulie, som eg skal kome nærare tilbake til når ho er lesen, og som er Sigrid Undsets korte debutroman utgitt for nøyaktig 100 år sidan denne hausten, i 1907.

I tillegg har eg tenkt å låne Det er noen mennesker her av Oddmund F. J. Vaagsholm, etter å ha blitt nysgjerrig og inspirert av dette blogginnlegget.

Deretter ventar Mesteren og Margarita, som skal vere klar til å diskuterast 23. november i endå eit lesesirkelmøte. Og kva gjeld julelektyren, så har eg så smått byrja å tenke litt på det også. Kanskje kunne det vere hyggeleg med eit gjensyn med gamle bøker som står i bokhylla mi der heime? Som t.d. bøkene om Anne fra Bjørkely som vaksen? Tida vil vise.
Men eg gler meg allereie til jul, og utvelging av julelektyre er noko av det aller mest koselege å tenke på i forkant. Dersom eg vél ut den rette boka, blir dei lange kveldane og morgonane under ei varm dyne med ruskevêr utanfor vindauget endå koselegare.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Apropos julelektyre. Jeg mener å ha anbefalt deg Nils Nordberg som leser "En kriminelt god jul. 15 kriminalnoveller" som desemberlydbok.

Jeg liker å lese bøker satt til jul og desember når jeg kommer til den tiden på året. Jeg tar gjerne i mot tips, særlig siden helligdagene lager en lang juleferie i år.

Hjemme er det en bok med bokutdrag som heter "Astrid Lindgrens jul" eller noe slikt. Den har utdrag fra de ulike bøkene fra Pippi til Emil og Bakkebygrenda i julefoforberedelsene. Det henner jeg leser litt i den mens ribba stekes. Jeg skulle ønske det fantes flere slike antologier som frister.

Aina sa...

Ja, det får du minne meg på igjen når det nærmar seg! For det har eg veldig lyst til. Kanskje eg like godt skal låne han no og legge inn på pc-en!

Julebøker, ja... hm. Eg plar vel stort sett å lese bøker som er litt nostalgiske i jula, men ikkje som naudsynleg handlar om jul. Har jo "Tante Pose", då. Den likte eg veldig godt då eg var yngre, men den er det lenge sidan eg har lese. Så har du jo "Bare mjuke pakker under treet", av Levi Henriksen. Den fekk eg til jul eit år.

Spectatia sa...

Åh ja, Solstad-gullkorn ser vi fram til. :-)

Og nå som du har blitt stødigere i skotsk kan du jo for eksempel lese Trainspotting: "Whin ah git doon tae his place, he isnae in a happy frame ay mind." Neida, ikke noen bok jeg anbefaler, men det er morsomt hvor godt man faktisk hører den skotske klangen når man har lest noen sider.