17. oktober 2007

Lykkerusen

Dei fleste har vel fått med seg at eg liker å skrive, og at eg har vore på skrivekurs i sommar.
Dei fleste har vel då tenkt seg at dette kan bety at eg også har skjønnlitterære vyar, noko dei i så fall har hatt fullstendig rett i.
Å bli forfattar er noko eg har drøymt om sidan eg var ei lita jente, kanskje heilt sidan eg skreiv mine første noveller som niåring.
Og no har draumen gått i oppfylling.

I dag blei eg oppringt av forlaget. Manuset mitt skal bli bok.
Manuset mitt er antatt.
Eg skal bli haustdebutant 2008 på Det Norske Samlaget
med ein historisk roman for ungdom.

Kjensla inni meg er ikkje til å skildre.
Du kan vel tenke deg sjølv
kor glad eg er no.
Kor deileg det kjennest inni meg
akkurat no.

8 kommentarer:

leselama sa...

La meg være den første til å gratulere! Du all verden så spennende og morsomt og deilig og...og... og: aldeles vidunderlig! :-)

Meget hjertelige og oppriktige lykkeønskninger herfra altså. Godt jobba, Aina! :-D

Oda sa...

Hurra! Gratuler!

Aina sa...

Tusen, tusen takk!
Eg har ikkje skjønt det enno. Men skal ut og feire med sjampis i kveld :)

Spectatia sa...

Coolt! Gratulerer! :-)

Tehme Melck sa...

Gratulerer!

mno sa...

Godt jobbet! Vi får hva vi fortjener. Gratulerer!

kristine sa...

I fare for å gjenta meg selv:

Hurra! Hurra! Hurra!

Dette fortjente du.

Aina sa...

Takk, takk!
Det er rett og slett fantastisk!